Ballsport er eit samleomgrep for alle typar sportar som involverer nytta av ein type ball. Ishockey vert ofte sett på som ein ballsport, sjølv om det der vert brukt ein puck i staden for ein ball. Ballspel og ballidrett av alle slag er antakeleg blant verdas mest populære mosjons- og idrettsaktivitetar.[1]

Ballsport i rokokkoen, koparstikk av Daniel Chodowiecki, 1774.
Det norske jentelandslaget i handball i kamp mot Frankrike i 2009.
Softball, her representert med 3 «homerun» for amerikanske Andrea Duran.

Balltresportar endre

Balltresportar er sportar der ballen vert manipulert ved å slå på den med eit balltre. Populære sportar inkluderer baseball, cricket, rounders og softball. I Noreg er òg ballspela slåball og dødball vanleg, spesielt blant barn.

Tomålssportar endre

Målsportar er sportar der to lag skal få ballen inn i kvart sitt mål for å skåra poeng. Målet kan vera ei korg som ballen vert kasta inn i (slik som i basketball og korgball), ei sone som ballen vert ført inn i (slik som i amerikansk fotball og rugby) eller eit definert mål markert med stenger som ballen skal inn i (slik som i bandy, fotball, hockey, innebandy og handball).

Volleysportar endre

Volleysportar er sportar der to soner av banen er avskoren av eit nett som ballen må slåast over. Kjende volleysportar er badminton, tennis, jeu dei paume, bordtennis og volleyball.

Presisjonssportar endre

Presisjonssportar er sportar der ballen må treffa eit bestemt mål, slik som i bocce og bowling.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. «Ballspill og ballsport i Oslo og Akershus», Aktiv i Oslo

Litterartur endre

  • Döhring, Volker (2014): Kleine Spiele zum Beginn und Ende der Sportstunde. 2. oppl. Wiebelsheim, ISBN 978-3-7853-1897-3.
  • Mau, August (1896): Oppslagsord «Ballspiel» i: Paulys Realencyclopädie der classischen Altertumswissenschaft (RE). Bind II,2, Stuttgart, s. 2832–2834.