Barretina ('lita lue') er ei spansk poseforma lue av ull. Ho har tradisjonelt blitt brukt av menn frå nordlege delar av Middelhavet. I dag er ho eit viktig katalansk symbol. Dagens barretina er vanlegvis raud på fargen, men lilla har også vore vanleg. Historisk har ho også hatt andre farger.

Mann med barretina
Skupltur av mann med barretina på rådhuset i Cervera, som er frå 1600-talet.
Utstrekt barretina

Hovudplagget er blitt ført tilbake til den frygiske lua frå antikken, som var utbreidd i hamnebyar rundt heile Middelhavet. Ho kan også ha oppstått som ein eigen tradisjon i kjerneområdet Catalonia. I mellomalderen er bruken av liknande luer dokumentert til Catalonia, Ibiza, Menorca, Korsika, Sicilia, Sardinia, Malta, hamnebyar som Valencia, Napoli, Genova, Marseille og Nice og i delar av Balkan og Portugal.[1][2] Ho blei særleg brukt av sjømenn og landarbeidarar. I Catalonia og på Ibiza blei luene brukte av menn til inn på 1800-talet, særleg på landsbygda.

Plagget er blitt knytt til opprør og katalansk identitet. Eit opprør frå 1680-talet er blitt kjend som Barretines-opprøret. Både i dette og det katalanske opprøret nokre tiår tidlegare var mange av opprørarane bønder som bar barretina. I seinare hundreår blei plagget brukt av ulike kulturelle leiarar som forfattaren Jacint Verdaguer og kunstnaren Salvador Dalí.[3]

I dag er barretina ein del av den katalanske folkedrakta, brukt til folkedansar som sardana og ved høgtidelege høve. Den er også framståande i dei katalanske juleskikkane som caganer og julekubbe.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. Lluch, Ernest (1981), «La revolució industrial a la Garrotxa (1777-1822)», Annals de l'Institut d'Estudis Gironins 25: 198–199, «(...) gorres molt semblants a la barretina eren emprades a diverses parts de la Mediterrània. La dificultat en precisar què és una barretina, un barret o una gorra és considerable. La barretina fou començada a utilitzar en la segona meitat del segle XVII (J. Danès) i a partir de 1565 (Joan Coromines). Existeix d'una manera molt semblant a Portugal, a Occitània i entre la marineria napolitana. (...) No coneixem una tipologia rigorosa de barretines, (...)» 
  2. Institut Nova Història: La barretina i la seva implicació a Amèrica
  3. «Historia de la barretina» (på katalansk). Henta 10. februar 2016.