Bjarne Friis Baastad

norsk arkitekt

Bjarne Friis Baastad (16. februar 188625. juni 1980) var ein norsk arkitekt. Han er mest kjend for sine bidrag til norsk jernbanearkitektur gjennom arbeidet ved NSB Arkitektkontor, kor han var ansatt frå 1913 til han gjekk av med pensjon i 1956.[2] Mange av bygningane som er kreditert Baastad, er òg kreditert leiaren av arkitektkontoret, Gudmund Hoel.

Bjarne Friis Baastad
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. februar 1886
Død

25. juni 1980 (94 år)[1]

Yrke Arkitekt
Bjarne Friis Baastad på Commons
Baastad teikna det særegne stillverkshuset på Sandvika stasjon.
Variantar av Veggli-typen frå Numedalsbana er oppført ein rekke stader i landet.
Atna stasjon på Rørosbanen fekk ny bygning i 1935, ei av mange stasjonsbygningar teikna av Bjarne Friis Baastad saman med Gudmund Hoel.
Foto: Mahlum

Veggli-typen endre

Baastad og Gudmund Hoel teikna det som skulle verte den mest utbreidde stasjonstypen i Noreg. Stasjonsbygninga på Veggli vart teikna i 1923 og sett opp i 1925. Bygninga er ei toetasjes trebygning med kjellar og tilbygg for godsrom. Ho er reist i bindingsverk kledd med ståande vekselpanel heilt opp i gavlen. Saltaket er tekt med skifer. Dei første utgåvene av bygninga hadde ikkje utbygg for stillverk. Inngangen til venterommet er frå framsida.

Stilen er nyklassistisk. Bygninga er lite utsmykka, men har halvmåneforma vindauge i gavlen, som var populært på 1920-talet. Gesimsen har profilar og vindauga er småruta. I fyrste etasje var det ekspedisjonskontor, venterom, telegrafistkontor og varmegodsrom. I andre etasje var det tenestebustad med stue, kjøkken, soverom og pikeværelse, som seinare vart gjort om til baderom. Inngangen var frå baksida.

Fleire stasjonar langs Numedalsbanen, Sørlandsbanen og Kragerøbanen fikk bygningar av Veggli-typen, seinare vart det sett opp ei rad med stasjonar av samme type langs Nordlandsbanen.

Seinare utgåver endre

Seinere utgåver av Veggli-typen hadde inngang frå enden av bygninga. Bygningane var lengre enn originalen og hadde ei noko anna planløysing, med godsrommet inkorporert i bygningskroppen. Det var klosett for dei reisande i kjellaren, men trapp ned frå venterommet. Fleire av stasjonane langs Nordlandsbanen var av denne seinare typen, til dømes Harran og Svenningdal (riven 2013).

Nokre av dei nyare stasjonane fekk eit meir funksjonalistisk preg med slakare takvinkel og vindauge i hjørnene, til dømes Drevvatn og Krokstrand.

Nokre av stasjonane vart utført med stillverkskarnapp, som Skonseng og Lønsdal. Den opphavlege typen hadde ståenda vekselpanel på veggane, men av dei nyare stasjonane fikk fleire liggjande panel, til dømes Bolna.

Enno ei utgåve av Veggli-typen fans på Helldalsmo på Sørlandsbanen. Denne utgåva hadde firkanta bygningskropp og valma tak.

Verk i utval endre

Kjelder endre

  1. Gravferdsetaten i Oslo kommune
  2. Thorp-Larsen
  3. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon. ISBN 82-05-25294-7. 
  4. Eivind Hartmann, Øistein Mangset og Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon. s. 203. ISBN 82-05-25294-7. .
  5. Eivind Hartmann, Øistein Mangset og Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon. s. 202. ISBN 82-05-25294-7. 

Bibliografi endre

  • Eivind Hartmann, Øistein Mangset og Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon. Gyldendal Norsk Forlag. ISBN 82-05-25294-7. 
  • Thor Bjerke og Finn Holom (2004). Banedata 2004. Norsk Jernbaneklubb / Norsk Jernbanemuseum. ISBN 82-90286-28-7. 
  • Nils Carl Aspenberg, Trond Børrehaug Hansen og Øyvind Reisegg (2009). Gjøvikbanen. Baneforlaget. ISBN 978-82-91448-48-0. 
  • Hanne Therese Thorp-Larsen (Hausten 2011). Vern av industriarkitektur etter krigsødeleggelser og gjenoppbygging – en undersøkelse av verneverdien knyttet til NSBs lokstaller og lokverksted i Narvik (Mastergradsoppgave i kunstvitenskap, Universitetet i Tromsø).  (Digital utgave)