Gudmund Hoel

norsk arkitekt

Gudmund Hoel (25. september 18777. september 1956)[1][2] var ein norsk arkitekt. Som mangeårig leiar av NSB Arkitektkontor hadde han stor innverknad på norsk jernbanearkitektur.

Gudmund Hoel

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. september 1877
Kragerø kommune
Død

7. september 1956 (78 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Gudmund Hoel på Commons
Kongsberg stasjon, kanskje Hoels staselegaste stasjonsbygning.
Foto: Mahlum
Veggli stasjon på Numedalsbana har gjeve namn til Vegglitypen, Hoels mest utbreidde bygningstype.
Foto: Mahlum
Bjorli stasjon på Raumabana.
Foto: Zzrbiker
Dalen kyrkje sør for Fetsund
Foto: Hans A. Rosbach

Utdanning og virke endre

Hoel vart uteksaminert som bygningsingeniør frå Kristiania tekniske skule i 1896. Dei neste seks åra arbeidde han som assistent på arkitektkontorar i Noreg og Tyskland. I 1903-04 reiste han på studieturar til USA og Tyskland. Heime att vart han tilsett ved Holger Sinding-Larsens kontor fram til han starta eiga praksis i 1910. I 1913 vart han leiar for Jernbanens Arkitektkontor, som han leidde til han gjekk av med pensjon i 1947. Stilmessig gikk utviklinga under Hoel si leiing frå nybarokk, mot nyklassisisme og inn i funksjonalismen. Omfanget av serieproduksjon var større enn ein hadde praktisert fram til då. Særleg den såkalla Vegglitypen — med namn etter ein stasjon på Numedalsbanen — gjekk igjen mange stader i ei årrekke, i ulike variantar og storleikar.

Mange av teikningane Hoel skreiv namnet sitt på er òg kreditert andre medarbeidarar på kontoret. I ettertid er det vanskeleg å avgjere kor stor innverknad den einskilde medarbeidar hadde på resultata, eller om Hoel signerte det meste jamvel om det var teikna av andre. Hoel skal ha uttala at han hadde teikna hundrevis av stasjonsbygningar.[3]

Veggli-typen endre

Stasjonsbygninga på Veggli vart teikna i 1923 og sett opp i 1925. Bygninga er ei toetasjes trebygning med kjellar og tilbygg for godsrom. Ho er reist i bindingsverk kledd med ståenda vekselpanel heilt opp i gavlen. Saltaket er tekt med skifer. Dei første utgåvene av bygninga hadde ikkje utbygg for stillverk. Inngangen til venterommet er frå framsida.

Stilen er nyklassistisk. Bygninga er lite utsmykka, men har halvmåneforma vindauge i gavlen, som var populært på 1920-talet. Gesimsen har profilar og vindauga er småruta. I fyrste etasje var det ekspedisjonskontor, venterom, telegrafistkontor og varmegodsrom. I andre etasje var det tenestebustad med stue, kjøkken, soverom og pikeværelse, som seinere vart gjort om til baderom. Inngangen var frå baksida.

Fleire stasjonar langs Numedalsbanen, Sørlandsbanen og Kragerøbanen fikk bygningar av Veggli-typen, seinare vart det sett opp ei rad med stasjonar av samme type langs Nordlandsbanen.

Seinere utgåver endre

Seinere utgåver av Veggli-typen hadde inngang frå enden av bygninga. Bygningane var lengre enn originalen og hadde ei noko anna planløysing, med godsrommet inkorporert i bygningskroppen. Det var klosett for dei reisande i kjellaren, men trapp ned frå venterommet. Fleire av stasjonane langs Nordlandsbanen var av denne seinare typen, til dømes Harran og Svenningdal (riven 2013).

Nokre av dei nyare stasjonane fekk eit meir funksjonalistisk preg med slakare takvinkel og vindauge i hjørnene, til dømes Drevvatn og Krokstrand.

Nokre av stasjonane vart utført med stillverkskarnapp, som Skonseng og Lønsdal. Den opphavlege typen hadde ståenda vekselpanel på veggane, men av dei nyare stasjonane fikk fleire liggjande panel, til dømes Bolna.

Enno ei utgåve av Veggli-typen fans på Helldalsmo på Sørlandsbanen. Denne utgåva hadde firkanta bygningskropp og valma tak.

Utestengd etter krigen endre

Etter andre verdskrigen mista Hoel retten til å ha foreningsverv i Norske arkitekters landsforbund i eitt år, fram til 1. januar 1947.[4] Same straff vart gjeven til arkitektar som hadde arbeidd, direkte eller indirekte, for tyskerane eller Nasjonal Samling under krigen.[5]

Andre bygningar endre

Hoel har óg etterlate seg andre bygningar, deriblant villaer i Oslo og ei lita kirke på Gan i Lillestrøm kommune[6].

Verk i utval endre

(Årstala for stasjonane er byggeåra med mindre anna er nemnt; desse kan avvike frå opningsåret for stasjonen og banestrekninga.)

Kjelder endre

  1. Folketelling 1910 i Digitalarkivet
  2. Gravferdsetaten i Oslo kommune
  3. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997). Neste stasjon. Gyldendal Norsk Forlag. s. 78. ISBN 82-05-25294-7. 
  4. Møllerhaug, Nicholas: Stupet - Leif Grungs krig, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, Bergen 2016, s. 327.
  5. Møllerhaug, Nicholas: Stupet - Leif Grungs krig, Forlaget Vigmostad & Bjørke AS, Bergen 2016, s. 323.
  6. https://www.norske-kirker.net/tag/gudmund-hoel/
  7. Oslo byleksikon
  8. «Selsbakk stasjon». strindahistorielag.no. Henta 28. mai 2024. 

Bibliografi endre