Brembo er ei elv i provinsen Bergamo i Lombardia i Italia og ei av sideelvane til Adda frå venstre med ei lengd på 74 km.

Brembo
elv
Brembo ved Ponte San Pietro.
Land  Italia
Nedslagsfelt 935 km²
Lengd 74 km
Middelvassføring 30 /s
Kjelde Pizzo del Diavolo, Pizzo Tre Signori
Munning Adda
Kart
Brembo
46°02′20″N 9°54′35″E / 46.039°N 9.9098°E / 46.039; 9.9098
Wikimedia Commons: Brembo River

Brembo har utspring i Dei bergamaskiske Alpane ved foten av Pizzo del Diavolo. Når elva kjem til Lenna mottar ho ei anna grein som har utspring ved Pizzo Tre Signori. Ho mottar fleire sideelvar som Stabina frå Valtorta, Parina, Enna frå Val Taleggio som møter Brembo ved San Giovanni Bianco, Ambria i Valle Serina og Dordo i Isola di Bergamo.

Brembo munnar ut i Adda nær Crespi d'Adda mellom kommunane Capriate San Gervasio, Canonica d'Adda og Vaprio d'Adda ved grensa mellom provinsane Bergamo og Milano.

Elva har stundom hatt alvorlege flaumar med katastrofale følgjer, som 18. juli 1987 då det vart gjort store øydeleggingar i Val Brembana.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre