Campotostosjøen er eit vassreservoar i Abruzzo i Italia. Reservoaret ligg i ei høgd på 1 313 meter over havet og dekkjer eit område på 14 km².

Campotostosjøen
innsjø
Land  Italia
Område Abruzzo
Innsjøtype Reservoar
Tilsig Fucino
Utløp Fucino
Nedslagsfelt 47,5 km²
Høgd over havet 1313 moh.
Areal 14 km²
Største djupn 38 m
Volum 230 millionar m³
Koordinatar 42°31′51″N 13°23′00″E / 42.53083°N 13.38333°E / 42.53083; 13.38333
Kart
Campotostosjøen
42°31′51″N 13°23′00″E / 42.530833333333°N 13.383333333333°E / 42.530833333333; 13.383333333333
Wikimedia Commons: Lago di Campotosto

Området var opphavleg ei stor torvmyr, som vart nytta som energikjelde for lokal småindustri fram til byrjinga av 1900-talet. Capotostosjøen vart danna i 1930-åra då det vart bygd tre demningar på elva Fucino. Reservoaret gjev vatn til vasskraftverket i Vomanodalen.

Om vinteren frys innsjøen til og om hausten kjem mange til område for å nyte dei vakre fargane i den omliggande skogen.

Området rundt Campotostosjøen er ein del av eit naturreservat med lokale artar av bøk og piletre. Av dyreliv finn ein grevling, fasan og rev.

Byar ved innsjøen endre

Kjelder endre