Abruzzo er ein region i Italia aust for Roma. Det grensar til Marche i nord, Lazio i vest og sørvest, Molise i søraust og Adriahavet i aust. Sjølv om han geografisk ligg sentralt i Italia, reknar ISTAT (det italienske statistikkbyrået) reknar det som ein del av Mezzogiorno eller Sør-Italia.

Abruzzo
region
Flagg
Land  Italia
Hovudstad L'Aquila
Areal 10 831,84 km²
Folketal 1 308 451 (2019)
Kart
Abruzzo
42°13′00″N 13°50′00″E / 42.216666666667°N 13.833333333333°E / 42.216666666667; 13.833333333333
Wikimedia Commons: Abruzzo

Fram til 1963 var det ein del av Abruzzi e Molise i lag med Molise. Namnet Abruzzi kjem frå tida då regionen av ein del av kongedømet Begge Siciliar og området vart administrert som Abruzzo Citeriore (Nær-Abruzzo) og Abruzzo Ulteriore I og II (Fjernare Abruzzo I og II), som var nærmare og fjernare frå Napoli, hovudstaden i kongedømet. Abruzzo Citeriore utgjer i dag provinsen Chieti. Abruzzo Ulteriore I utgjer provinsane Teramo og Pescara, medan Abruzzo Ulteriore II utgjer provinsen L'Aquila.

Regionshovudstaden i Abruzzo er L'Aquila. Regionen er delt inn i fire provinsar: L'Aquila (den største), Teramo, Chieti (med flest innbyggjarar) og Pescara, det økonomiske senteret i Abruzzo. Dei fire provinsane er vidare delt inn 305 kommunar.

Provinsar i Abruzzo.

Namn endre

Namnet Abruzzo kjem frå det latinske Aprutium. Namnet Aprutium vart derimot ikkje nytta i romartida då regionane gjekk under namna Picenum, Sabina et Samnium, Flaminia et Picenum og/eller Campania et Samnium. Namnet Aprutium vart nytta frå mellomalderen. Mange meiner det er ei omvandling av Praetutium, eller namnet på folket praetutiarane, som vart nytta om hovudbyen deira, Interamnaes, som i dag er Teramo. Andre mogelege opphav er frå det latinske «aper» (villsvin) der Aprutium tyder «villsvinlandet», eller frå «abruptum» (kupert, bratt). Det kan òg ha kome frå det latinske uttrykket «a Bruttiis» (frå bruttiarane) som tyder landet til folket frå Bruzi, som flytta sørover til Calabria.

Geografi endre

Regionen har eit aral på 10 794 km² og om lag to tredjedelar er dekte av fjell. Resten av regionen består av åsar som heller ned mot ei smal slette som strekkjer seg 120 km langs kysten av Adriahavet. Appenninane går langs Abruzzo, og det er her ein finn ein dei høgaste fjella i heile fjellkjeda og på Den italienske halvøya. Den høgaste toppen er Corno Grande i Gran Sasso-massivet (2 914 moh) og Monte Amaro (Maiella-gruppa) (2 795 moh). Dei største elvane i regionen er Aterno-Pescara, Sangro og Tronto.

Demografi endre

Byar i Abruzzo med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Folketal (2001)
Pescara 116 286
L'Aquila 68 503
Chieti 52 486
Teramo 51 023

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Abruzzo
  Reiseguide for Abruzzo frå Wikivoyage