Dikka Møller (18. juni 183826. november 1912) var ein norsk pasifist og aktivist. Ho var ein pioner innan den kvinnelege fredsrørsla i Noreg frå 1890-åra da arbeidet kom i organiserte former.[1]

Dikka Møller

Fødenamn Diderikke Anette Anker
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juni 1838
Halden kommune
Død

26. november 1912 (74 år)
Fredrikstad

Far Peter Martin Anker
Dikka Møller på Commons

Familie endre

 
Portrett av Dikka Møller, sumaren 1872.

Dikka Møller var dotter av grosserar Peter Martin Anker (1801–1863) og Cathrine (Thrine) Olava Nicoline Gløersen (1814–1902). Ho vart fødd på Rød herregard i Halden og høyrde til slekta Anker. Ho var syster av skulemannen Herman Anker (1839–1896) og industrimannen Christian August Anker (1840–1912).

Ho gifta seg med Edvard Johannes Møller til Thorsø i Fredrikstad i 1857. Dei blei foreldre til Kai Møller, som gifta seg med kvinnesakskvinna Katti Anker Møller.[1]

Fredsarbeid endre

I familien til Dikka Møller var ein levande oppteken av samfunnsspørsmål og politikk og ho sjølv var oppteken av rettane til kvinner, grundtvigianismen og især fredsarbeid. Ho hadde nær kontakt med Bjørnstjerne Bjørnson som ofte vitja ho.

I 1894 var ho med på å gje ut Det Norske Fredsblad i samarbeid med Bernhard Hanssen, Bjørnstjerne Bjørnson, Arne Garborg og Fredrik Bajer.[2]

Seinare stifta ho Kvindernes Fredsforening. Ho var formann i Norges Fredsforening, som var stifta i 1885, i perioden 1898–1900.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dikka Møller i Norsk biografisk leksikon
  2. Mats Rønning: Fredsfaar i gjentatt strid - historien om den folkelige fredsbevegelse i Norge før 1914, side 29 PDF

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dikka Møller