Dux (fleirtal ducēs) er latin for 'leiar' (frå substantivet dux, ducis, 'leiar, general') og seinare opphav til ord på andre språk, som fransk duc og engelsk duke for hertug,[1] og italiensk doge og duce.[2]

I den romerske republikken kunne dux visa til einkvan som kommanderte troppar, inklusive ikkje-romerske leiarar, men var ikkje ein formell militærrang. I sin Commentarii de Bello Gallico om Gallarkrigane nytta Julius Cæsar berre omgrepet om keltiske generalar, med eit enkelt unntak: den romerske kommandøren Publius Licinius Crassus, som ikkje hadde nokon offisiell rang på grunn av den unge alderen sin.[3]

Romarriket endre

Opphavleg bruk endre

Fram til 200-talet e.Kr. var ikkje dux eit formelt uttrykk for rang innan det romerske militæret eller det administrative hierarkiet.[4]

I militæret ville ein dux vera ein general med ansvar for to eller fleire legionar. Mens tittelen dux kunne referera til ein konsul eller ein imperator, viste det vanlegvis til ein romersk guvernør i ein provins. Som guvernør var dux både den som hadde den øvste administrative makta samtidig som han var øvste hærførar for legionane som var stasjonerte i provinsen.

Endring i bruken av ordet endre

Ved midten av 200-talet e.Kr. hadde tittelen fått eit meir presist meiningsinnhald ved å definera kommandanten av hjelpetroppar, som vanlegvis bestod av spesialavdelingar, vexillationes, frå ein eller fleire regulære militære formasjonar. Slike utnemningar blei gjort for å handtera særskilde militære situasjonar når trusselen for ikkje å bli slått tilbake syntest å overstiga kapasiteten til den provinsbaserte militære kommandostrukturen som hadde karakterisert den romerske hæren under keisarriket.[5]

Frå Gallienus si tid og framover i meir enn eit hundreår var duxar alltid viri perfectissimi, det vil seia medlemmer av andre klasse av riddarklassen, equites.[6] Slik sett ville dei ha hatt høgare rang enn kommandantane av provinslegionane som vanlegvis var viri egregii, equites av tredje klasse.[7] Duxar adskilte seg frå praeses (latin for «den som sit framme», altså i leiinga) som hadde øvste sivile i tillegg til øvste militære autoritet innanfor sine provinser i at funksjonen til førstnemnde var reint militær. Den militære autoriteten til ein dux var likevel ikkje nødvendigvis avgrensa til ein enkelt provins, og dei verker ikkje å ha vore underlagt autoriteten til provinsguvernøren i hans område.

Det var ikkje før mot slutten av 200-talet at omgrepet dux framstod som ein vanlig militær rang halden av ein senioroffiser i limitaneii, det vil seia grensetroppar i motsetnad til dei som var tilknytte den keisarlege hæren (comitatenses), og hadde ansvar innanfor eit definert geografisk område. Den eldste dokumentasjon for ein dux med eit definert regionalt ansvar verker å ha vore Aur. Firminianus, dux limit. prov. Scyt,[8] det vil seia dux for grensetroppane i provinsen Skytia på 290-talet.

Under dominatet endre

Under dominatet blei makta til posisjonen dux delt frå rolla til guvernøren og gitt til ein ny posisjon kalla dux. Posisjonen var nå den høgaste militære offiser innanfor provinsen og kommanderte legionane, men guvernøren hadde autoritet til nytta hans makt. Ein dux kunne berre handla uavhengig frå guvernøren og handtere alle militære affærar om han var autorisert. Eit eksempel er Dux per Gallia Belgica, som var dux for provinsen Gallia Belgica.

I Diokletian sine reformer under tetrarkiet blei provinsene organiserte i bispedøme som blei administrerte av ein vicarius. Som med guvernørane var denne støtta av ein dux. Denne duxen stod over alle andre duxar innan bispedømet, og når vicarius tilkalte legionene i alle bispedøme til handling, var alle legionane kommanderte av duxen. Eit eksempel var Dux per Gallia, som var dux av bispedømet Gallia. Posisjonen som dux var blitt til magister militum for det respektive pretorianske prefekturet hans, og over han stod keisaren.

Seinare utvikling endre

I den bysantinske tida til Romarriket hadde posisjonen som dux overlevd (bysantinsk gresk δούξ, doux, fleirtal δούκες, doukes) som ein rang likestilt med ein general (strategos). Mot slutten av 900- og tidleg på 1000-talet hadde ein doux eller katepano (κατεπάνω, «[den] plassert øvst») ansvaret for store innskrenkingar beståande av mindre themata (distrikt) og av profesjonelle regiment (tagmata) i den bysantinske hæren (i motsetnad til dei store militærstyrkane i dei fleste themata).

I perioden under huset Komnenos blei tittelen som doux erstatta heilt av strategos som den militære myndigheitspersonen med ansvaret for ein thema. I den bysantinske flåten fanst det doukes av flåten på 1070-talet, og posisjonen som megas doux («stordoux») blei oppretta på 1090-talet som øvstkommanderande for heile flåten.

Tittelen gav også opphav til eit familienamn, dei aristokratiske Doukas (δούκας), som på 800- til 1000-talet produserte fleire bysantinske generalar og keisarar, mens seinare berarar av dette namnet, etterkomarar i ei sidegrein på morssida, grunnla despotatet Epirus i nordvestlege Hellas.

Postromersk bruk endre

Kong Arthur, i ein av dei eldste litterære framtoningane sine, er omtalt som dux bellorum («dux av kampane») blant dei romersk-britonske kongane i krigane deira mot angelsaksarar.

Ei krønike frå sankt Martins kloster i Köln hevda at klosteret var blitt plyndra av saksarar i 778, men at det var blitt gjenoppbygga av ein «Olgerus, dux Daniæ» (som kan ha vore den historiske figuren som myten om Holger Danske oppstod rundt) med hjelp frå Karl den store.

Dux er også rotordet til ulike føydale adelstitlar, som franske duc, engelske duke, spanske og portugisiske duque, venetiansk doge, italienske duca og duce, og dei tidlegare omtalte bysantinskgreske dukas eller doukas.

Den italienske fascistdiktatoren Benito Mussolini benyttet tittelen dux og duce på italiensk for å representere sittlederskap. frå 1925 var han Il Duce og som fascistisk leiar, slik Adolf Hitler opprettet posisjonen som Der Führer, kalte Mussolini seg i september 1943 seg som Duce della Repubblica Sociale Italiana («Duce av den italienske sosiale republikk»).[9]

I skolar i Storbritannia,[10] Australia, New Zealand og Sør-Afrika er dux i moderne tid blitt gitt som tittel til den høgast rangerte studenten i ein akademisk eller sportsleg prestasjon, som Dux Litterarum og Dux Ludorum, ved kvar avgangseksamen. Den som kom nærast kan få tittelen proxime accessit eller semidux.

Omgrepet «dux» eller «duks» har vore i bruk i norsk skolevesen om den flinkaste eleven i ein klasse. Som motsats kunne ein kalla den dårlegste eleven klassen «fux» eller «fuks».[11]

Kjelder endre

  1. «duke (n.)», Online Etymology Dictionary
  2. «doge», Online Etymology Dictionary
  3. Thomas Wiedemann, “The Fetiales: A Reconsideration,” Classical Quarterly 36 (1986), s. 483.
  4. Millar, Fergus (1993): The Roman Near East, 31 B.C.-A.D. 337, Harvard University Press, s. 191.
  5. Smith, R.E. (1979): «Dux; Praepositus» i: Zeitschrift für Papyrologie und Epigraphik (ZPE), 36, s. 277–278.
  6. Christol, M. (1978): «Un duc dans une inscription de Termessos (Pisidie)». i: Chiron 8, s. 537–538.
  7. Nagy, T. (1965): «Commanders of Legions in the age of Gallienus» i: Acta Archeologica Hungarica XVII, s. 290–307.
  8. J. B. Campbell, CIL III 764 = ILS 4103, "Inscriptions to the Magna Mater in the Provinces of Moesia", The Roman Army, 31 BC – AD 337: A Sourcebook, via Google Books; vitja 15. mai 2016.
  9. Quartermaine, L. (2000): Mussolini's Last Republic: Propaganda and Politics in the Italian Social Republic, s. 21
  10. Se eksempel: «Congratulations to Chris Gilmartin, awarded Dux of the School at Speech Day celebrations»
  11. «duks» i Det Norske Akademis ordbok, «fuks» i Det Norske Akademis ordbok