Eggesteinen

runestein

Eggesteinen er ein runestein frå 1150-1350, som tidlegare stod ved den gamle allfarvegen over Eggemoen, på grensa mellom Hadeland og Ringerike.[1] Steinen markerte òg grensa mellom gardane Eggja i Haug sokn, Norderhov og Berger i Jevnaker kommune. I 1866 vart steinen utsett for hærverk. Han vart reparert og forbunden med jarnband og sett opp att, men vart utsett for hærverk på nytt i 1875. Då vart han flytt til Universitetets Oldsaksamling. Det står ein kopi på Eggemoen.

Eggesteinen
Kart
Eggesteinen
60°12′58″N 10°19′17″E / 60.216111°N 10.321389°E / 60.216111; 10.321389

Steinen endre

Dei fysiske måla på steinen er 40 cm på det breiaste, mellom 15 og 17 cm tjukk og 149 cm høg.[2]

Datering endre

Dateringa på steinen er sett til omtrent 1100-talet.[3]

Innskriftene endre

Steinen inneheld fire runeinnskrifter (A, B, C og D), der berre tre er leselege. Innskriftene er:

þa:ræist:mik:oak:ræisti
amundi:ormstæins:a:sun:a:sotrange

þa reist mik ok Ámundi Ormsteinsson á Sotrangi
Omsett: «Da rista meg, og reiste (steinen), Åmunde Ormsteinsson på Sætrang»

hær:er:ændimrki:or austær:i: langæ:fosn

Hér er endimerki ór austr í Langaforsinn
Omsett: «Herfrå går grensa aust i Langefossen»

fura:

Fura
Omsett: trenamnet «furu»

Steinen har òg ei nyare innskrift som omsett er:

«1689 den 24. mars»

Kjelder endre

  1. Eggesteinen Arkivert 2016-03-09 ved Wayback Machine. ved jevnaker.org
  2. Norges innskrifter med de yngre runer. Oslo: Norsk historisk kjeldeskrift-institutt. s. 73. 
  3. Birkeli, Fridtjov (1906-1983). Norske steinkors i tidlig middelalder: et bidrag til belysning av overgangen fra norrøn religion til kristendom. Oslo: Universitetsforlaget. ISBN 8200087883.