Elisabeth Carew

norsk musikar

Elisabeth Carew (fødd 13. juni 1985 i Lørenskog) er ein norsk-gambisk songar. Far hennar er frå Gambia, medan mora er norsk og kjem frå Heidal i Gudbrandsdalen. Ho er systra til fotballspelaren John Carew.

Elisabeth Carew
Fødd13. juni 1985
FødestadLørenskog i Akershus i Noreg
OpphavNoreg
Sjangerpop
InstrumentVokal
Verka somSongar

Eurovision endre

Melodi Grand Prix 2010 endre

Carew deltok med singelen «Rocketfuel» i den fyrste semifinalen i Melodi Grand Prix 2010, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg. Songen er skrive av Elisabeth Carew og Thomas Eriksen, og vart framført på engelsk av Elisabeth Carew. Bidraget enda på sjetteplass og gjekk ikkje vidare til korkje andresjansen eller finalen.

Melodi Grand Prix 2014 endre

Carew deltok med «Sole Survivor» i den tredje semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Elisabeth Carew, David Eriksen, Simon Climie og Mats Skåre Lie.

Diskografi endre

Singlar endre

Kjelder endre