Engelskspråkleg litteratur
Engelskspråkleg litteratur er litteratur skriven på engelsk i ei rekkje land over heile verda, hovudsakleg tidlegare britiske koloniar.
Engelskspråkleg litteratur er utbreidd i følgjande område:
- Dei britiske øyane med engelsk, skotsk, walisisk og irsk litteratur
- Nord-Amerika med kanadisk, karibisk og USA-amerikansk litteratur
- Afrika i ei rekkje land med engelsktalanade grupper, som ghanesisk, kenyansk, nigeriansk og sørafrikansk litteratur.
- Asia med indisk og pakistansk litteratur
- Oseania med australsk og newzealandsk litteratur
I tillegg til eit felles språk, har den engelskspråklege litteraturen også ein felles bakgrunn som forfattarar kan gå tilbake til, som Shakespeare eller den kjende King James-omsetjinga av Bibelen.
Prisar og utmerkingar endre
Den viktigaste prisen for engelskspråkleg litteratur er Bookerprisen, ein pris som blir gjeven kvart år til ein engelskspråkleg roman som er blitt gjeven ut i Storbritannia. Fram til 2014 var han berre open for forfatarar frå Det britiske samveldet, deretter blei han opna for alle engelskspråklege forfattar.
Nobelprisen i litteratur er blitt gjeven til ei rekkje engelskspråklege forfattarar frå fleire ulike land:
- Rudyard Kipling (1907): Storbritannia (fødd i Britisk India)
- Rabindranath Tagore (1913): India
- W. B. Yeats (1923): Irland
- George Bernard Shaw (1925): Irland
- Sinclair Lewis (1930): USA
- John Galsworthy (1932): Storbritannia
- Eugene O'Neill (1936): USA
- Pearl S. Buck (1938): USA
- T.S. Eliot (1948): Storbritannia (fødd i USA)
- William Faulkner (1949): USA
- Bertrand Russell (1950): Storbritannia
- Winston Churchill (1953): Storbritannia
- Ernest Hemingway (1954): USA
- John Steinbeck (1962): USA
- Samuel Beckett (1969): Irland (budde i Frankrike store delar av livet)
- Patrick White (1973): Australia
- Saul Bellow (1976): USA (fødd i Canada)
- Isaac Bashevis Singer (1978): USA (fødd i Polen)
- William Golding (1983): Storbritannia
- Wole Soyinka (1986): Nigeria
- Joseph Brodsky (1987): USA (fødd i Russland)
- Nadine Gordimer (1991): Sør-Afrika
- Derek Walcott (1992): Saint Lucia i Karibia
- Toni Morrison (1993): USA
- Seamus Heaney (1995): Irland
- V.S. Naipaul (2001): Storbritannia (fødd i Trinidad)
- J.M. Coetzee (2003): Sør-Afrika
- Harold Pinter (2005): Storbritannia
- Doris Lessing (2007): Storbritannia (fødd i Persia, oppvoksen i Zimbabwe)
- Alice Munro (2013): Canada
- Bob Dylan (2016): USA
- Kazuo Ishiguro (2017): Storbritannia (fødd i Japan)
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Englischsprachige Literatur» frå Wikipedia på tysk, og «Engelskspråkleg litteratur» frå Wikipedia på svensk den 28. februar 2018.