Erling Wikborg

norsk diplomat, politikar og advokat

Erling Wikborg (fødd 5. november 1894 i Drammen, død 6. april 1992 i Oslo) var ein norsk politikar og jurist. Han var leiar for Kristeleg Folkeparti mellom 1951 og 1955, parlamentarisk leiar mellom 1954 og 1961 og var utanriksminister i Lyng-regjeringa i 1963.

Erling Wikborg

Erling Wikborg i 1951.
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Fødd5. november 1894
Drammen kommune
Død6. april 1992 (97 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkediplomat, politikar, advokat
Alle verv

Wikborg var cand. jur. frå 1918, og drev eigen advokatforretning i Oslo frå 1923. Spesialfelta hans var sjørett. Firmaet han grunnla eksisterer framleis (som Wikborg Rein i Oslo). Han var stortingsrepresentant for Akershus 1945-1949, og for Oslo 1954-1961. Han var varamedlem av Nobelkomiteen 1. januar 1949-31. desember 1972 fungerande medlem 12. oktober 1965-31. desember 1966 og 28. august 1967-31. desember 1969.

Wikborg var æresmedlem av Kristeleg Folkeparti. Han opplevde det kristne gjennombrotet sitt i samband med den såkalla «Oxfordrørsla» midt på 1930-talet, saman med m.a forfattaren Ronald Fangen og journalisten Fredrik Ramm. Det var i forlenginga av denne røynsla han vart politikar. Som urban akademikar var Wikborg i etterkrigstida noko av ein «framand fugl» i det lågkyrkjelege partiet med røter i den vestlandske venstre-kulturen, og han spelte ei viktig rolle i å utvikle partiet til eit breiare, landsdekkende parti.

Wikborg er far til kunsthistorikaren Tone Wikborg og var svigerfar til forfattar og forleggar Peder W. Cappelen 1955-66.

Kjelder endre