Eurik var konge over vestgotarane frå 466 til 484. Han var siste av sønene til Theodorid som rådde for Toulouse-kongedømet. Han er rekna som det sterkaste av dei visigotiske kongane.

Eurik

Fødd 420
Død

28. desember 484
Arles

Yrke monark
Far Theodorid
Ektefelle Ragnahilda
Eurik på Commons
Statue av Eurik

Under Eurik vann visigotane seg mykje land, og riket deira hadde den største utstrekninga på hans tid. Eurik sytte for å kue dei andre germanske folka, og det vestre Romarriket var svakt, og bukka heilt under i 476.

Eurik la under seg det meste av Gallia, og vann dei fleste byane der før 475. Det året gjorde Eurik ei fredsavtale med romarane, som i røynda ikkje hadde noko val. Etter at Romarriket fall året etter tok krigen til att med herulhovdingen Odovakar, som no rådde for Italia som konge.

Herreveldet i Gallia var no ei årsak til trette mellom visigotar og frankarar. Eurik stogga frankarane og slog dei i eit slag nordpå, i deira eige landområde. Han vann òg sigrar over dei saksiske sjørøvarane som herja kystane i desse åra.

Etter Eurik finst det ei lovsamling, Codex Euricianus, frå om lag 475. Med dette fastsette han og tømra i hop det visigotiske kongedømet og skipa det betre til. Han gav og bod for den katolske kyrkja, og rydda i tilhøva mellom katolikkar og arianarar. Det er elles kjend at Eurik førte ei anti-katolsk line, og stengde ei rekkje kyrkjer. Dette heldt han opp med etter 475, då romarane gjorde fred med han.

På Eurik si tid var det at visigotarfolket for alvor tok til å slå seg til i Spania.

Eurik døydde av alderdom i Toulouse i 484. Han vart etterfylgd av Alarik II.

Kjelder endre