Fortune Everett Gordien (9. september 192210. april 1990) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg i diskoskasting, men òg var ein framifrå kulestøytar. Bortsett frå tre veker i 1953 var han verdsrekordhaldar i diskoskast frå 1949 til 1959.

Fortune Gordien


Statsborgarskap Storbritannia, USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 9. september 1922
Spokane
Død

10. april 1990 (67 år)
Fontana

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1948, Sommar-OL 1952

Aktiv endre

Gordien vart tredjemann i diskoskast ved Sommar-OL 1948, slått av italienarane Adolfo Consolini og Giuseppe Tosi. Året etter sette han verdsrekord med 56,36 m i Lisboa den 3.juli, ein rekord han forbetra til 56,77 m i Hämeenlinna den 14. august. I juni 1953 sletta landsmannen Sim Iness rekorden hans, men allereie den 11. juli var Gordien tilbake som verdsrekordhaldar då han kasta 58,10 m i Pasadena. Same staden den 22. august 1953 smekka han til med 59,28 meter, visstnok med berre 48 menneske til stades. Under dei olympiske sommarleikane i Melbourne hausten 1956 sikra Gordien seg sølvmedaljen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre