Georges Braque (13. mai 188231. august 1963) var ein fransk målar og skulptør. Saman med Pablo Picasso og Juan Gris var han ein av grunnleggarane av kubismen.

Georges Braque

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 13. mai 1882
Argenteuil
Død

31. august 1963 (81 år)
Paris

Yrke bilethoggar, kunstmålar, gravør, litograf, designar, smykkedesigner, scenograf, grafikar, grafikar, collagist, bygningstegner, teiknar
Språk fransk
Medlem av American Academy of Arts and Sciences, Academia Nacional de Bellas Artes de Argentina, Société Normande de Peinture Moderne, Koninklijke Vlaamse Academie van België voor Wetenschappen en Kunsten, Accademia delle Arti del Disegno
Ektefelle Marcelle Lapré
Georges Braque på Commons

Liv og gjerning endre

Braque var fødd i Argenteuil-sur-Seine og voks opp i Le Havre, i ein familie med husmålarar. Opplæringa hans vart derfor ei blanding av tradisjon og kveldsundervisning på den lokale kunstskulen frå ca 1897 til 1899. Han fekk sveinebrev som dekorasjonsmålar i Paris i 1901. Året etter gjekk han ved 'Académie Humbert' og måla der til 1904.

Fauvismen og Braque endre

Braques tidlege arbeid var impresjonistiske, men snart begynte han å måle i stilen til fauvistane. I 1907 stilte han ut verk i denne stilen i 'Salon des Indépendants'. Henri Matisse, Raoul Dufy, Othon Friesz og Andre Derain var mellom dei han då måla saman med. Fauvistane var opphavleg svært fargesterke, men etterkvart dempa Braque ned paletten sin, til liks med Dufy. Også Paul Cézanne sine bilete synes å ha betydd ein del for Braque sin kunst.

Kubismen endre

Frå 1908 viser bileta til Braque ei dreiing mot geometri og simultanperspektiv. Nøye undersøkte han lyset si rolle for perspektivet, og den fargepryda som ein kunstnar hadde til rådvelde for å formidle dette. Etterkvart sette han spørsmål ved dei fleste tidlegare «sanningar». Til dømes kunne han framstille ein arkitektonisk struktur som ein kubus, som vart skuggelagt slik at han på same tid virka både flat og tredimensjonal. Dermed fekk han fram at målarkunst også var å framstille optiske illusjonar på ein ny måte.

Samarbeidet med Pablo Picasso begynte i 1909. Picasso hadde utvikla liknande svar på dei same spørsmåla og dei to kalla stilen sin for analytisk kubisme. Den var prega av nøytrale fargar og komplekse former. I 1912 begynte dei med collage og 'papier collé'. Samarbeidet varte til Braque let seg innrullere i den franske hæren i 1914 for å ta del i den første verdskrigen.

Seinare arbeid endre

Braque vart hardt såra og dimittert i 1917. Han måla sidan oftast åleine og flytta tilbake til Normandie. Stilen hans vart meir fargerik og med kraftigare overflateteksturar. I Normandie begynte han å sette menneskefigurar inn i landskapa, samtidig som han måla mange stilleben-bilete.

Braque måla heile livet og etterlet seg ei rekke måleri, grafiske arbeid og skulpturar.

Han døydde i Paris i 1963.

Kjelder endre