Godøy eller Godøya er den vestlegaste av øyane i Giske kommune. Ho er 10,87 km² stor og har 1085 innbyggjarar (2001). Fiske og fiskeforedling er dei viktigaste næringsvegane, og banklineflåten i Geilevika er av ein dei største i Noreg.

Godøya i Giske
Godøy
Godøy
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°28′30″N 05°59′36″E / 62.47500°N 5.99333°E / 62.47500; 5.99333

Areal 10,87 km²

Høgaste punkt Storhornet (497 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 1085 (2001)
Folketettleik 100 /km²

Geografi endre

Godøya har vegsamband gjennom tunnel til Giske. Landskapet er berglendt og Storehornet (497 m.o.h.) er det høgaste punktet. I søraust finn ein god dyrkbar mark i kystsona. I fjella finst fiskevatn.

Kultur endre

Eilivrøysa i Godøytun sør på Godøy er ein gravhaug frå bronsealderen. I nærleiken ligg òg eit lite museum.

Ytst på Alnes, nordvest på øya, står Alnes fyr som er freda. Også lyngheia rundt er verna.

Bilete endre

Sørsida av Godøya fotografert frå Hurtigruta på veg inn til Ålesund.

Foto: MeRyan

Kjelder endre