Sikhismen
Sikh-guruar
Skrifter
Guru Granth Sáhib
Bani - «Tjaupai»
«Djáp Sáhib» - «Djapdji Sáhib»
«Mul Mantra» - «Sukhmani»
Dasam Granth
Religionsfilosofi
Nám djapo (Gudsteneste)
kirat karni (ærleg arbeid)
vand kay sjako (del goda)
tru - etikk - moral
Dei fem K-ane
kesj (uklipt hår)
kaṛa (stålarmband)
kangha (stålkam)
katjha (knesid underbrok)
kirpán (sabel, evt. dolk)
Heilage stader
Amritsar
Harmandir Sáhib
(«Det gylne tempelet»)
gurdvara
Folk og språk
Panjab - panjabi
sikhar - gurmukhiskrift
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Indoiranske religionar
parsisme - hinduisme
djainisme - buddhisme
sikhisme - bahá’í

Ein gurdvara eller gurduara (panjabi ਗੁਰਦੁਆਰਾ [gurduārā], ਗੁਰਦਵਾਰਾ [gurdvārā], frå «gurū» (ein lærar) og «dvārā» (ei dør)) er eit tempel for sikhar. Gurdvaraer inneheld først og fremst den heilage boka Guru Granth Sáhib. Den mest vidkjende gurdvaraen er Harmandir Sáhib, mest kjend som «Det gylne tempelet» i Amritsar i Panjab i India. Folk av alle religiøse bakgrunnar er velkomne i gurdvaraene så lenge dei tek av seg skorne og dekkjer hovudet føre dei går inn i dei heilagare delane av gurdvaraen. Folk som nettopp har røykt eller drukke alkohol kan bli nekta å komma inn.

Ein gurdvara.

Særtrekk endre

Dei fleste gurdvaraene har desse særteikna:

Nisján Sáhib (sikh-fana) endre

Nisján Sáhib er ei trekanta oransje fane med ein khanda (sikh-emblem) midt på fana. Ordet «nisján» tyder ‘merke‘ eller ‘symbol’.

Darbár Sáhib (hovudrommet) endre

Darbár Sáhib er ein sal som inneheld Guru Granth Sáhib — den heilage boka. I dei fleste nyare gurdvaraer er dette ein stor sal som kan romme hundrevis av menneske. Meinigheita sit normalt rett på det teppedekte golvet. Føre ein går inn i Darbár Sáhib må alle taka av seg skorne og dekkje hovudet. Ein går inn roleg og med respekt til tronen der Guru Granth Sáhib er plassert. Der står ein så føre Den heilage skrifta, seier stille bøner, ofrar nokre myntar og bukkar audmjukt for Guru Granth Sáhib. Sikhane behandlar Den heilage skrifta si som ein levande lærar eller guru. Dette teiknet på respekt skal ikkje sjåast på som tilbeding, ettersom sikhar berre har lov til å tilbeda Den einaste Gud, som sikhane kallar Vaheguru.

Langár (matsalen) endre

Langáren er ein stor sal der fellesmåltid blir serverte. Ein del gurdvaraer har bord og stolar, men i dei fleste er det vanleg at gjestene sit på golvet.

Satjh khand (den skire staden) endre

Satjh khand, eller ‘den skire staden’, ‘Paradiset’/‘Himmelen’, blir bruka som namn på det rommet der Den heilage boka kviler om natta — på liknande vis som Toráen kviler i hekhálen i jødiske synagogar når han ikkje er i bruk.

Andre rom endre

Gurdvaraer har gjerne òg kjøken, vaskerom og liknande. Nokre av dei større gurdvaraene har òg gjestekvarter med bad for overnattingsgjester.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre