Hallington-reservoara

Hallington-reservoara ligg nær den vesle landsbyen Colwell i Northumberland i England, 11 km nord for Corbridge. Hallington er faktisk to små reservoar: Hallington Reservoir West og Hallington Reservoir East, som er skild frå kvarandre av ein dam.[1]

Hallington Reservoirs
innsjø
Land  Storbritannia
Innsjøtype reservoar
Koordinatar 55°04′52″N 2°03′00″W / 55.081°N 2.050°W / 55.081; -2.050
Kart
Hallington-reservoara
55°04′52″N 2°03′00″W / 55.081°N 2.05°W / 55.081; -2.05

Historie endre

Reservoara vart bygt på slutten av 1800-talet for Newcastle and Gateshead Water Company. Reservoara dannar ein del av ei rekkje reservoar langs A68-vegen som er knytt saman av tunnelar og akvedukter frå Catcleugh-reservoaret til Whittle Dene.[1] Desse er drikkevasskjelder for Newcastle upon Tyne, Gateshead og dei omliggande områda.

Flora og fauna endre

Skogområdet nordvest for Hallington Reservoir East bestor stort sett av furu og lerketre med noko bøk, piletre og platanlønn, og av planter finn ein mellom anna den sjeldne gulstarren.[1]

Reservoaret er ein viktig stad for overvintrande fuglevilt, som brunnakke, krikand og villand, og om hausten vadefugl som strandvipe, hettemåse og fiskemåse.[1]

Det er observert ekorn, oter, grevling og flaggermus, samt kvitkloa kreps.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «NWA Reservoars». 2006-2009. Henta 31. mars 2010. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre