Henrik Pontoppidan

dansk skribent

Henrik Pontoppidan (24. juli 185721. august 1943) var ein dansk forfattar som i 1917 fekk Nobelprisen i litteratur i lag med Karl Gjellerup. Svenska Akademien gav Nobelprisen til Pontoppidan «för hans fullödiga framställningar av nutida danskt liv.»[2][3]

Henrik Pontoppidan

Henrik Pontoppidan i 1917
Pseudonym Rusticus og Urbanus[1]
Nasjonalitet Dansk
Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 24. juli 1857
Fredericia
Død

21. august 1943 (86 år)
Ordrup

Yrke Forfattar
Periode Det moderne gjennombrotet
Sjanger prosa
Far Dines Pontoppidan
Ektefelle Mette Marie Hansen, Antoinette Kofoed
Signatur
Nettstad http://www.henrikpontoppidan.dk/
Henrik Pontoppidan på Commons

Liv endre

 
Henrik Pontoppidan ca. 1900

Pontoppidan (ei latinisering av Broby) kom frå ein familie av prestar. I 1863 flytta familien til Randers der faren fekk eit embete ved St. Mortens Kirke. Som eit opprør mot foreldra studerte Pontoppidan til ingeniør ved Polyteknisk Læreanstalt i København – lik helten i Lykke-Per. Han fullførte ikkje studiane og blei lærar ved folkehøgskolen til broren Morten. Frå 1881 levde han som fri forfattar. Pontoppidan blei gradvis blind og dauv, og var frå 1927 nesten heilt isolert frå omverda.

Forfattarskap endre

I yngre år skreiv Pontoppidan sterkt samfunnskritiske bøker og levde opp til Georg Brandes-parola «at sætte problemer under debat.» Seinare resignerte Pontoppidan politisk og konsentrerte seg om å svare på gåta «kven er eg?», til dømes i sjølvbiografien Undervejs til mig selv (1943).

Pontoppidan er en viktig representant for naturalismen i Danmark. Hovudtema i verka hans er motsetninga kultur-natur og by-land, og det kom tidleg fram ein sterk antipati mot «den lyriske forråtningsprosessen», det drøymande fantasteriet og den røyndomsframande fraseologien som han tykte samtida var kjenneteikna av. Dei naturalistisk usminka og pessimistiske skildringane hans vekte stor forarging i samtida,[4] men gir eit særs omfattande bilde av Danmark på hans tid.

Dei viktigaste romanane endre

Dei tre romanane som til vanleg blir haldne for å vere dei viktigaste skreiv Pontoppidan frå 1890 til 1920. I desse verka skapte han ein dansk versjon av dei breie samfunnsskildrande romanane til Balzac og Zola. Sentrert kring ein helt målar Pontoppidan eit bilde av Danmark i ei tid prega av den konstitusjonelle kampen mellom dei konservative og dei liberale, den veksande industrialiseringa, dei kulturelle konfliktane og vaknande revolusjonære rørsler.

  • Det forjættede Land (I-III 1891–95) skildrar ein fantast og draumen hans om å bli landsbyprest, noko som leier til sjølvbedrag og sinnsjukdom.
  • Den delvis sjølvbiografiske romansyklusen Lykke-Per (1898–1904) er kanskje det mest kjende verket til Pontoppidan. Den sentrale figuren er ein sjølvsikker, begava mann som bryt med sin religiøse familie for å bli ingeniør og erobrar, fri frå familieband og omgjevnaden. Men på toppen av suksessen tek fortida han att og han gir opp karrieren og ser at han er blitt svært einsam.
  • Den bitre De dødes Rige (1912–16) skildrar Danmark etter at demokratiet tilsynelatande sigra i 1901. Pontoppidan viser eit samfunn der politiske ideal har smuldra bort, kapitalismen er på frammarsj og der presse og kunst prostituerer seg. Sentralt i hendingane står den vonlause kjærleiken og reformplanane til ein ung og progressiv aristokrat prega av sjukdom.

Verk endre

Årstala gjeld førsteutgåvene. Mange av verka er komne i nyutgåver, ofte kraftig omarbeida av Pontoppidan sjølv.

  • Stækkede Vinger. Skitser (1881). (Efter Ballet. Tête à Tête. Et Endeligt. Kirkeskuden).
  • Sandinge Menighed. En Fortælling (1883).
  • Landsbybilleder. Fortællinger (1883). (En Kjærlighedshistorie, En Fiskerede, Bonde-Idyl, Vinterbillede, Arv.)
  • Ung Elskov. Idyl. Roman (1887)
  • Mimoser. Et Familjeliv. Roman (1886)
  • Fra Hytterne. Nye Landsbybilleder (1887). (Knokkelmanden, Naadsensbrød, Ane-mette, Et Grundskud, Hans og Trine, Vandreren.)
  • Isbjørnen. Et Portræt. Roman (1887).
  • Spøgelser. En Historie. Roman (1888).
  • Naadsensbrød. Novelle (1885).
  • Skyer. Skildringer fra Provisoriernes Dage. Fra Tidsrummet 1885-1890 (1890). (Ilum Galgebakke, To Venner, To Gange mødt, Den første Gendarm, Tro til Døden, I Kongens Kjole, Et Offer)
  • Krøniker (1890). (Menneskenes Børn, Sct. Peders List, Den stærke Skrædder, Havfruens Sang, Præsten og Herremanden, Grete Gaasepige, Digterliv, Præstesækken, Ungdom, Forbandelsen, Svend Morgendug.)
  • Natur. To smaa Romaner (1890). (Vildt, En Bonde.)
  • Muld. Et Tidsbillede. Roman (1891).
  • Det forjættede Land. Et Tidsbillede. Roman (1892).
  • Minder. Roman (1893).
  • Ørneflugt. Eventyr (1894).
  • Nattevagt. Roman (1894).
  • Den gamle Adam. Skildring fra Alfarvej. Roman (1894).
  • Dommens Dag. Et Tidsbillede. Roman (1895).
  • Højsang'. Skildring fra Alfarvej. Roman (1896).
  • Det forjættede Land I-III (1898).
  • Lykke-Per. Hans Ungdom. Roman (1898).
  • Lykke-Per finder Skatten. Roman (1898).
  • Lykke-Per. Hans Kærlighed. Roman (1899).
  • Lykke-Per i det Fremmede. Roman (1899).
  • Lykke-Per. Hans store Værk. Roman (1901).
  • Lykke-Per og hans Kæreste. Roman (1902).
  • Lykke-Per. Hans Rejse til Amerika. Roman (1903).
  • Lykke-Per. Hans sidste Kamp. Roman (1904).
  • Fortællinger I-II (1899).
  • Lille Rødhætte. Et Portræt. Roman (1900).
  • Det ideale Hjem. Roman (1900).
  • De vilde Fugle. Et Skuespil (1902).
  • Borgmester Hoeck og Hustru. Et Dobbeltportræt. Roman (1905).
  • Lykke Per. 2. udgave I-III (1905).
  • Asgaardsrejen. Et Skuespil (1906).
  • Det store Spøgelse. Roman (1907).
  • Hans Kvast og Melusine. Roman (1907).
  • Den kongelige Gæst. Roman (1908).
  • Torben og Jytte. En Fortællings-Kres. Roman (1912).
  • Storeholt. En Fortællings-Kres. Roman (1913).
  • Kirken og Dens Mænd. Et Foredrag (1914).
  • Toldere og Syndere. En Fortællings-Kres. Roman (1914).
  • Enslevs Død. En Fortællings-Kres. Roman (1915).
  • Favsingholm. En Fortællings-Kres. Roman (1916).
  • De Dødes Rige I-II (1917).
  • Et Kærlighedseventyr. Roman (1917).
  • En Vinterrejse. Nogle Dagbogsblade (1920).
  • Noveller og Skitser. Et Udvalg. 1. Bind (1922).
  • Noveller og Skitser. Et Udvalg. 2. Bind (1926).
  • Romaner og Fortællinger. Bind I-VII (1924-1926).
  • Mands Himmerig. Roman (1927).
  • Det ideale Hjem og andre Noveller og Skitser (1930). (Højsang. Af Magister Globs Papirer, Det ideale Hjem. Et Problem under Debat, Hans Kvast og Melusine (En Humoreske), En Vinterrejse, Dagbogsblade, Rabbinerens Datter, Et Kærlighedseventyr, Rejsen gennem Livet.)
  • Drengeaar (1933).
  • Hamskifte (1936).
  • Arv og Gæld (1938).
  • Familjeliv (1940).
  • Undervejs Til Mig Selv. Et Tilbageblik (1943).




Utmerkingar og prisar endre

Pontoppidan fekk Statens Kunstfonds hædersydelse, livsvarig støtte, første gong i 1889, mista han i 1892 fordi han vart skulda for ein blasfemisk artikkel i Kjøbenhavns Børs-Tidende; ein omtale av romanen Messias av Viggo Stuckenberg, men fekk han att i 1893. Han fekk Det Anckerske Legat i 1890 og Otto Benzons Forfatterlegat i 1908. I 1918 blei han æresmedlem av Dansk Forfatterforening, i 1929 æresdoktor ved Lunds universitet og i 1933 utnemnd til æresborgar i Randers.[5]

Da Pontoppidan vart 80 år i 1937 stifta Dansk Forfatterforening Henrik Pontoppidans Mindefonds Legat.[6] Pontoppidan fekk Holberg-medaljen i 1941.

Lykke-Per, i åtte bind, 1898–1904, er teken opp i Danmarks kulturkanon.[7]

Litteratur endre

  • Poul Carit Andersen: Henik Pontoppidan. En Biografi og Bibliografi. Levin & Munksgaard, Kopenhagen, 1934.
  • Elias Bredsdorff: Henrik Pontoppidans Verhältnis zum radikalen Denken. I Nordeuropa 3, 1969, ISSN 0138-2802, s. 125–142.
  • Alfred Jolivet: Les romans de Henrik Pontoppidan. Bibliothèque Nordique, Paris 1960, (Bibliothèque nordique 4).
  • Cai M. Woel: Henrik Pontoppidan. 2 bind. Munksgaard, Kopenhagen 1945.

Referansar endre

  1. Iben Holk (20. oktober 2004). «Henrik Pontoppidan, biografi, del 6: Døden i Østby». Silkeborg Bibliotek. Henta 16. november 2014. 
  2. «for his authentic descriptions of present-day life in Denmark.»
  3. Nobelpristildelinga 1917/ på nobelprize.org
  4. Nordisk familjebok
  5. «Henrik Pontoppidan». Litteraturpriser.dk. Henta 16. november 2014. 
  6. Flemming Behrendt. «Tidstavle for Henrik Pontoppidan». Henrik Pontoppidan.dk. Henta 16. november 2014. 
  7. Om Lykke-Per Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. Kulturkanonen, side 122 (PDF)

Bakgrunnsstoff endre