Herman Bagger

dansk-norsk redaktør og politikar

Herman Bagger (20. juli 180024. november 1880) var en dansk-norsk gardbrukar, journalist og stortingsmann som var ein iherdig talsmann for bonde-interessene i Noreg.

Herman Bagger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. juli 1800
Lemvig
Død

24. november 1880 (80 år)
Skien kommune

Yrke journalist, redaktør, politikar
Språk norsk
Gravminne på Lie kyrkjegard i Skien.
Foto: Orf3us

Bagger var frå Lemvig i Jylland, son til ein distriktskirurg. Etter å ha arbeidd som handelsbetjent frå 1815 til -20, tok han dansk juridisk embetseksamen og vart i 1821 fullmektig hos ein prokurator i København. I 1824 tok han artium ved universitetet i København, to år seinare flytta han til Noreg og var huslærar. 1828-29 var han lærar ved Drammen skule. I 1829 kjøpte han garden Follaug i Gjerpen. Han flytta i 1842 vidare til Skien og tok handelsborgarskap i byen. I 1843 starta han opp avisa Correspondenten i Skien, der han fram til 1874 jamt og samt tala for bøndenes syn og interesser. Etter over tretti år som journalist i Skien budde han så i Langesund til 1880. Siste tida levde han i Porsgrunn.

Bagger vart den fyrste ordføraren i Gjerpen. Han representerte Bratsbergs amtStortinget i 1839, og Skien by i 1848, 1851, 1854, 1862-63 og 1868-69, samt på omframtstortinget i 1864. I 1839 var han medlem av traktatkomiteen og veglovskomiteen, i 1848 sekretær i desisjonskomiteen og i justiskomite nr 3, samt medlem av adressekomiteen. Han var så formann i desisjonskomiteen i 1851 og medlem av trykkekomiteen, i 1854 av tollkomiteen og vegskattkomiteen. Bagger var i 1862-63 tilbake i trykkekomiteen, attåt konstitusjonskomiteen. På omframttinget 1864 sat han i komiteen om Schelde-tollen, medan han i 1869 var medlem av konstitusjonskomiteen og Lagtinget.

Kjelder endre