Hjalmar Storeide

norsk politikar

Hjalmar Olai Storeide (10. august 190121. november 1961) var ein norsk prest og politikar frå Hjørundfjord. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til han døydde i 1961.

Hjalmar Storeide
Fødd10. august 1901
Død21. november 1961 (60 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Storeide var fødd og oppvaksen på den veglause matrikkelgarden Skår i Hjørundfjord, der mor hans var i frå. Faren var snikkar og bygningsmann og reiste til USA då ekteskapet hans gjekk i oppløysing. Etter at mor til Storeide gifta seg oppatt sist i fyrste verdskrigen, flytta ho med familien til Ålesund.

Storeide gjekk skulevinteren 1918/19 Sunnmøre Ungdomsskule i Ulsteinvik og 1919/20 Volda Realskule. Etter han vart student i 1924 studerte han teologi og vart cand.theol. og tok praktikum i 1930. Han var ungdomsprest og reisesekretær i Sunnmøre ungdomssamlag 1932-35 og i Noregs Ungdomslag 1936-39. Desse tre siste åra var han også reisesekretær for Noregs Mållag.

Frå 1939 til -47 var Storeide sokneprest i Solund prestegjeld, deretter hadde han same stillinga i Finnås prestegjeld til han døydde. Fireårsperioden 1952–55 var han varaordførar i Moster herad.

Storeide vart vald til stortingsrepresentant frå Hordaland hausten 1953 som representant for Arbeidarpartiet, og vart attvald ved dei to neste stortingsvala. Han var i alle år på Stortinget medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. Berre sju veker etter han tok til på si tredje tingperiode døydde han. Vararepresentanten Steffen I. Toppe rykte då inn til fast stortingspost.

Kjelder endre