Steffen I. Toppe

norsk Ap-politikar

Steffen Ingebriktsen Toppe (12. oktober 190228. juli 1979) var ein norsk arbeidar og politikar frå Hamre i Hordaland som representerte ArbeidarpartietStortinget 1961-69.

Steffen I. Toppe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. oktober 1902
Død

28. juli 1979 (76 år)

Yrke politikar, industriarbeider
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Far til Toppe var gardbrukar i Åsane og arbeidde i tillegg som dykkar. Sjølv gjekk Toppe Nordhordlands fylkesskule i 1920, på handelsskule i 1921 og Oslo elementærtekniske skole 1923/24. Frå 1920 arbeidde han på ymse veganlegg. Etter 1925 var han lagerarbeidar, frå 1927 tilsett ved Salhus veveri A/S, der han var lagerformann frå 1947.

Toppe var heradsstyremedlem i Åsane frå 1934. Han var varaordførar i Åsane frå 1945 til 1961, bortsett frå toårsperioden 1953-54 då han var ordførar. Hausten 1961 vart han vald til fyrste vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet i Hordaland, men då den valde representanten Hjalmar Storeide døydde allereie sju veker etter Stortinget var opna, rykte Toppe inn på fast plass. Han var då medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen til 1965. Ved stortingsvalet 1965 vart Toppe attvald og sat då i fire år i Protokollkomiteen og i den mindre viktige Valkomiteen. Han tok ikkje attval i 1969.

Toppe var formann i Salhus Turn 1930-34 og 1936-45. Frå 1939 til -47 var han også leiar i Hordaland turnkrins.

Kjelder endre