Huayan-skulen (kinesisk skrift 華嚴宗, pinyin huāyán zōng, Wade-Giles Hua-yen tsung; sanskrit Avatamsaka) var ei skuleretning innan den kinesiske mahāyāna-buddhismen. Ho oppstod på 600-talet i Kina i den seinare delen av Sui-dynastiet, og hadde blomstringstida si under Tang-dynastiet. Retninga døydde ut i Kina på 900-talet, men hadde då spreidd seg vidare som hwaeom jong til Korea og deretter også til Japan, der ho blei kalla kegon-shū.

Dei tre verdige av Huayan – Manjushri (venstre), Vairocana (midten) og Samantabhadra (høgre) – ved Skulpturparken i Dazu i Chongqing i Kina.

Grunnlaget for retninga var skismet mellom Madhyamika- og Vijnanavada-filosofane. Det hevda at dette skismet var tilsynelatande paradoks og sjølvmotseriingar, som opphøyrde i lys av Avatamsakasutraen (også kjend som Buddhavatamsakasutraen, på kinesisk Huayan jing, «Blomekranssutraen»).

Denne teksten lærer at alle ting heng saman og er avhengige av kvarandre og gir eit bilete av kvarandre. Alle levande vesen er buddhaer. Det er ikkje noko eigentleg skilje mellom verda og nirvana.

Skuleretninga blei etter tradisjonell forståing utforma av ei rekkje av fem «patriarkar» som var viktige for å utvikla læra. Den tredje og den femte av patriarkane var særleg viktige. Dei fem var (1) Dushun (杜順), (2) Zhiyan (智儼), (3) Fǎzàng (法藏), (4) Chengguan (澄觀) og (5) Zongmi (宗密). Ein annan viktig skikkelse i same samanheng var den lærde Lǐ Tōngxuán (李通玄).

Kvar enkelt av desse «patriarkane» spelte ei vidt ulik rolle i utviklinga til rørsla. Dùshùn etablerte skulen som ei separat retning gjennom sine to «rot-tekstar», og Zhì Yăn formulerte læresetningane hans. Fǎzàng var den som forklarte læra til skulen såpass jordnær og konkret at ho blei allment forstått og anerkjend av hoffet. Chéng Guān og Zōng Mì utvikla læra vidare gjennom omfattande og ekstremt detaljerte kommentarar til Avataṃsaka-sūtraen.

I motsetning til skulen med dei ti stadiuma var huá-yán zōng synkronistisk, med eit verdsbilete som oppløyste skismet mellom Yogachāra og Madhyamika. Han oppfatta Avataṃsakasūtraen som den høgaste og endelege læra til Buddha.

Kjelder endre