In the Evening
Song av Led Zeppelin
frå albumet In Through the Out Door
Utgjeve 15. august 1979
Innspelt November-desember 1978
Sjanger Hardrock
Lengd 6:49
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Jones/Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«In the Evening» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet deira In Through the Out Door frå 1979. Songen har ein synthesizer-driven lyd med ein stor gitar.

Oversyn endre

Songen inneheld ein lang gitarintroduksjon av Jimmy Page på gitar. Page nytta ein Gizmotron for å skape ein burduneffekt.[1]

Under konsertane deira i 1979 og 1980 nytta Page fiolinboge med ei laserstråle, som medverka til dei visuelle effektane. John Paul Jones spelte basspedelar i staden for bassgitar, sidan han spelte synthesizer samstundes.

Store delar av songen vart skriven av John Paul Jones. Då han og bandet spelte inn albumet, møtte ofte ikkje Page og trommeslagar John Bonham opp i studio før seint på kvelden og arbeidde gjennom natta. Utan desse to starta «In the Evening» med trommer og klaverinstrument av Jones, som hadde ein ny trommemaskin å arbeide med.

Songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin i 1979 og 1980. Eit konsertopptak frå Knebworth-festivalen i 1979 finst på Led Zeppelin DVD.

Plant spela songen på turneen sin etter Now and Zen i 1988. I 1996 vart songen spela på somme av konsertane til Page and Plant.

Medverkande endre

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Brad Tolinski and Greg Di Bendetto, "Light and Shade", Guitar World, January 1998.

Bakgrunnsstoff endre