Ingrid Z. Aanestad

Ingrid Zachariassen Aanestad (fødd 3. juni 1983)[1] er ein norsk forfattar.[2][3]

Ingrid Z. Aanestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juni 1983 (40 år)
Yrke Forfattar
Periode 2006-
Debut I dag er ein fin dag

Ho debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan skrive tre romanar til. Alle er utgjevne på Forlaget Oktober. [2] Ho har også gjendikta boka Woolgathering av Patti Smith til norsk. Den kom med tittelen Sanka ullSamlaget i 2013.[4]

Aanestad er opphavleg frå Klepp på Jæren og fekk i 2012 Rogaland fylkeskommunes litteraturstipend.[3][5] Ho er busett i Oslo.[3]

Bøker endre

  • 2006 – I dag er ein fin dag – Roman
  • 2008 – Eg kjem med toget – Roman
  • 2010 – Stormkyss – Roman
  • 2013 – Sol, seier ho – Roman
  • 2016 – Sibylle – Roman
  • 2018 – Kva hender i romanen? – sakprosa, Oktober

Referansar endre

  1. «Ingrid Z. Aanestad (03.06.1983)». forfatterkatalogen.no (Norsk Forfattersentrum). Henta 28. september 2013. 
  2. 2,0 2,1 «Ingrid Z. Aanestad». Nettstaden til Forlaget Oktober. Henta 28. september 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Eli Næsheim (18. mai 2012). «Litteraturheder til forfatter fra Klepp». aftenbladet.no. Henta 28. september 2013. 
  4. «Patti Smith Sanka ull - Woolgathering». Nettstaden til Samlaget. Henta 28. september 2013. 
  5. Svein Olav B. Langåker (16. mai 2012). «Løland-stipendet til Belsvik». framtida.no. Henta 28. september 2013. 

Bakgrunnsstoff endre