Kathy Lie

norsk politikar

Kathy Lie (fødd 14. mars 1964) er ein norsk sjukepleiar og politikar frå Lier som sidan 2021 representerer BuskerudStortinget, vald for Sosialistisk Venstreparti.[1]

Kathy Lie
Fødd14. mars 1964 (60 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, elektriker, naturopat, barnehagelærer, sjukepleiar, næringslivsleiar, selvstendig næringsdrivende
Utdanna vedNorsk Akademi for Naturmedisin
Høgskolen i Buskerud
Høgskolen i Bergen
Alle verv

Lie tok fem-årig utdanning i homøopati ved Norsk akademi for naturmedisin og arbeidde nokre år som homøopat.[2] Ho har òg vore tilsett ved Drammen sjukehus som spesialsjukepleiar.[3]

Gjennom fylkestingsvalet 2019 fekk ho plass i fylkestinget for Viken der ho var fylkesvaraordførar 2019–2021.[4][5] Hausten 2021 vart ho vald til stortingsrepresentant frå Buskerud og SV. Ho er medlem i Familie- og kulturkomiteen.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Biografi: Lie, Kathy». Stortinget (på norsk). 9. november 2021. Henta 4. mars 2023. 
  2. Alnes, Thore (2. september 2021). «(+) Da Kathy ikke klarte å tjene penger satte hun seg på skolebenken igjen». Lierposten (på norsk). Henta 10. september 2021. 
  3. «SV - Kathy Lie». SV (på norsk). Henta 10. september 2021. 
  4. Rødland, Solveig. «Fylkesordfører og fylkesvaraordfører - Viken fylkeskommune». viken.no (på norsk bokmål). Henta 13. september 2021. 
  5. Tvedt, Knut Are (5. oktober 2021). «Kathy Lie». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Henta 6. oktober 2021. 

Bakgrunnsstoff endre