Kjepphest er eit leiketøy laga av ein stokk med hestehovud, som barn kan halda mellom beina medan dei spring og leika at dei rir på.

Barn rir på kjepphest med stoppa tøyhovud.
Gut på kjepphest frå biletet Die Kinderspiele av Pieter Bruegel den eldre frå 1560.

Den enklaste forma for kjepphest kan vera eit kosteskaft eller liknande med eit hovud av tøy eller tre. Ved hovudet kan det setjast ein tverrpinne som gjer leika lettare å halda. Hesten kan også utstyrast med seletøy, sal midt på, og hjul nedst.

Omgrepet «kjepphest» endre

Ein kan også snakka om «kjepphest» i overført tyding, om noko ein er svært oppteken av, som ei sak eller ein hobby. Å stadig «ri ein kjepphest» kan visa til at ein snakkar i tide og utide om noko ein føler sterkt for.

Ein kjend «kjepphest» er haldninga til den romerske senatoren Marcus Porcius Cato den eldre (234-149 f.Kr.), som avslutta kvart einaste innlegg i senatet med orda: «Og elles er det mi meining at Kartago bør øydeleggjast».

Ordsoge endre

engelsk kallar ein kjepphestar for hobby-horse eller berre hobby, truleg danna av namnet Robert. Dette har igjen gjeve ordet «hobby» i tydinga 'favorittsyssel, yndlingsemne' eller 'fritidsinteresse'. Hobby-horse kan også visa til gyngehest, ein karusellhest, og i dag særleg ein teaterhest laga ved at ein eller to personar kler seg ut som ein hest.

Det franske ordet for kjepphest, dada, gav opphav til namnet på kunstretninga dadaisme.

Fortrenging endre

I nyare tid er kjepphestar i stor grad blitt erstatta av andre transportleiker, som leikebilar og syklar, til dømes sparke- og trehjulsykkel. Ei tidleg sykkelutgåve, springesykkel, blei på engelsk ofte omtala som hobby-horse.

Bilete endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Kjepphest