Løvebakken Mållag
yrkesmållag under Noregs Mållag
Løvebakken Mållag er eit yrkesmållag under Noregs Mållag. Medlemmane er politikarar som sit på Stortinget eller i regjering, og som engasjerer seg i nynorsk og målsaka. Laget har kring 30 medlemmar.
Namnet Løvebakken kjem frå kallenamnet på Stortinget.
Sveinung Rotevatn frå Venstre har vore leiar sidan 2022. Han tok då over etter Magne Rommetveit (Ap).
Dei andre i styret frå 2021 er Sofie Marhaug (R), Roy Steffensen (Frp), Torbjørn Vereide (Ap), Olaug Bollestad (KrF), Ingrid Fiskaa (SV), Liv Kari Eskeland (H) og Nils T Bjørke (Sp).
Leiarar endre
- 2021– Sveinung Rotevatn (V)
- 2015–2021 Magne Rommetveit (Ap)
- 2009–2015 Ingrid Heggø (Ap)[1]
Kjelder endre
- ↑ «Biografi: Heggø, Ingrid», Stortinget (på engelsk), 24. januar 2022, henta 25. november 2023