Lars Velsand

norsk politikar

Lars Velsand (fødd 9. september 1941) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Gran i Oppland. Han representerte Oppland og SenterpartietStortinget i tida 1981-89.

Lars Velsand
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. september 1941 (82 år)
Gran kommune
Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Senterpartiet

Velsand studerte til sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskule, uteksaminert i 1967. Deretter arbeidde han ved Norges Kjøtt- og Fleskesentral i tre år, 1967-70. Frå 1970 var han gardbrukar på Skirstad i Gran kommune.

Hausten 1981 vart Velsand vald til stortingsrepresentant frå Oppland og for Senterpartiet. Fram til 15. april 1983 var han medlem i Justiskomiteen, deretter var han nestformann i Kommunal- og miljøvernkomiteen til tingperioden var over. Etter attval hausten 1985 var han sekretær i Kommunal- og miljøvernkomiteen dei tre fyrste sesjonane, den siste sesjonen, 1988-89, var han medlem i Finanskomiteen. Han var elles sentralstyremedlem i Senterpartiet frå 1983 til-87.

Etter han var ferdig på Stortinget, fekk Velsand nye offentlege verv, og han engasjerte seg i politikken. Mellom anna var han leiar 1994-96 for Nei til EU i Oppland fylke og nestleiar 1988-99 i Nei til EU. Av offentlege oppnemningar kan nemnast medlem 1992-93 i Overføringsutvalet, 1994-2001 i Kringkastingsrådet, styremedlem 1995-2000 i Noregs Bank og styremedlem 1998-2000 i Norsk Rikskringkasting.

Kjelder endre