Lepidophthalmus turneranus

Lepidophthalmus turneranus
Lepidophthalmus turneranus
Lepidophthalmus turneranus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Callianassidae
Slekt: Callianassa
Art: L. turneranus
Vitskapleg namn
Lepidophthalmus turneranus

Lepidophthalmus turneranus (tidlegare Callianassa turnerana, engelsk Cameroon ghost shrimp) er ein krepsdyrart som lever ved kysten av Vest-Afrika. Han dannar av og til tette svermar, og ein av desse gav namn til landet Kamerun (portugisisk Camarões, ‘reker’[1]). Dette er truleg det einaste krepsdyret som har gjeve namn til eit land.[2]

Utbreiing endre

Lepidophthalmus turneranus finst i lagunar og estuar, inkludert i nesten ferskt vatn, rundt Guineabukta frå Togo til Kongo.[3]

Skildring endre

Vaksne dyr blir 5,5-14,5 centimeter lange.[2] Rostrumet endar i tre eller fem tenner,[2] ein eigenskap dei deler med arten L. grandidieri frå Madagaskar.[3] Ungdyr kan mangla tenner.[2] Dei har kjønnsdimorfisme i form av cheliped (klo-berande lemmar): hoene har ei djup halvmåneforma senking nær grunnlaget av innsida av den faste fingeren til kloa, medan hannar manglar denne senkinga.[2]

Lepidophthalmus turneranus lever i holer i mudderet. Kvart tredje til femte år dannar dei enorme svermar i estuar,[4] og parar seg utanfor hola.[5] Ved slike svermar har det vore vanleg å fiska dei, sidan dei er rekna som svært god mat.

Taksonomisk historie endre

 
Illustrasjonen som følgde med White si skildring av arten

Arten blei fyrst skildra av Adam White i 1861, under namnet Callianassa turnerana. Denne skildringa var basert på eit eksemplar som kaptenen til eit afrikansk handelsskip gav til James Aspinall Turner, som i sin tur presenterte det til zoologiavdelinga ved British Museum (no del av Natural History Museum).[6] I 1999 blei arten overført til slekta Lepidophthalmus av K. Sakai.[3]

Kjelder endre

  1. «Cameroon | Culture, History, & People | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), 3. mars 2024, henta 5. mars 2024 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Lipke B. Holthuis (1991). «Callianassa turnerana». FAO Species Catalogue, Volume 13. Marine Lobsters of the World. FAO Fisheries Synopsis No. 125. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-103027-8. 
  3. 3,0 3,1 3,2 K. Sakai (1999). «Synopsis of the family Callianassidae, with keys to subfamilies, genera and species, and the description of new taxa (Crustacea: Decapoda: Thalassinidea)» (PDF). Zoologische Verhandelingen 326: 3–152. 
  4. Lipke B. Holthuis (1991). «Callianassa turnerana». FAO Species Catalogue, Volume 13. Marine Lobsters of the World. FAO Fisheries Synopsis No. 125. Food and Agriculture Organization. ISBN 92-5-103027-8. 
  5. Candisani, Luciano C.; Sumida, Paulo Y. G.; Pires-Vanin, Ana Maria S. (2001). «Burrow morphology and mating behaviour of the thalassinidean shrimp Upogebia noronhensis». Journal of the Marine Biological Association of the United Kingdom 81 (5): 799–803. doi:10.1017/S0025315401004611. 
  6. Adam White (1861). «Descriptions of two species of Crustacea belonging to the families Callianassidæ and Squillidæ». Proceedings of the Zoological Society of London 1861: 42–44. 

Bakgrunnsstoff endre