Life on Mars?
Singel av David Bowie
frå albumet Hunky Dory
B-side

«The Man Who Sold the World»

Språk engelsk
Utgjeve 22. juni 1973
Innspelt Trident Studios i London
April 1971
Sjanger Glamrock
Lengd 3:48
Selskap RCA Records
2316
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott
David Bowie-kronologi 
«Let's Spend the Night Together»
1973
Life on Mars? «Sorrow»
1973


«Life on Mars?» er ein song og singel av David Bowie på albumet hans Hunky Dory frå 1971. Songen, med Rick Wakeman på piano, vart av BBC Radio 2 seinare kalla «ei kryssing mellom ein Broadway-musikal og eit Salvador Dalí-måleri»[1]. Då han vart gjeven ut som singel i 1973 nådde han 3. plass i Storbritannia og låg på lista i 13 veker. Songen gjekk inn att på lista i Storbritannia på 55. plass over 30 år seinare, hovudsakleg fordi han vart nytta i den engelske fjernsynsserien Life on Mars. Neil McCormick frå The Daily Telegraph rangerte han på førsteplassen over dei 100 beste songane gjennom tidene.[2]

Songen er kjend som ein av signaturlåtane til Bowie.[3]

Opphav endre

I 1968 skreiv Bowie «Even a Fool Learns to Love», ein song med tekst av Bowie skriven for ein fransk song, «Comme d'habitude» frå 1967, skriven av Claude François og Jacques Revaux. Bowie-songen vart aldri gjeven ut, men Paul Anka kjøpte rettane til den originale franske versjonen og skreiv han om til «My Way», gjort kjend av Frank Sinatra i 1969 på albumet med same namn. Suksessen til Anka-versjonen fekk Bowie til å skrive «Life on Mars?» som ein parodi på innspelinga til Sinatra.[1] I ein merknad for samleplata som følgde juni 2008-utgåva av The Mail on Sunday,[4] skildra Bowie korleis han skreiv songen:

« Arbeidsrommet var eit stort tomt rom med ein sjeselong; ein billig art nouveau-skjerm ('William Morris,' fortalte eg alle som spurte); eit stort, overfylt, frittståande oskebeger og eit flygel. Lite anna. Eg starta å arbeide på pianoet og hadde heile teksten og melodien ferdig seint på ettermiddagen. »

Bowie sa at Wakeman «utbroderte den originale pianodelen hans» og gitarist Mick Ronson skapte «eit av hans første og beste strykearrangement» for songen[1] Teksten på omslaget til Hunky Dory indikerer at songen var 'inspirert av Frankie'.[1] For å promotere singelen regisserte Mick Rock ein video for songen, med Bowie i ein turkis dress mot ein kvit bakgrunn.

Teksten endre

It's on America's tortured brow
That Mickey Mouse has grown up a cow
Now the workers have struck for fame
Cause Lennon's on sale again

David Bowie (1971)

BBC Radio har skildra «Life on Mars?» som «ein av dei raraste tekstane nokon gong» og består av «massevis av surrealistiske bilete» som eit Salvador Dalí-måleri.[1] Linja «Look at those cavemen go» er ein referanse til songen «Alley Oop», ein hitt i 1960 for det amerikanske doo-wop-bandet The Hollywood Argyles.[5]

Hunky Dory kom ut i 1971 oppsummerte Bowie songen som «reaksjonen til ei følsam ung jente overfor media». I 1997 la han til «eg trur ho er misnøgd med røyndomen... at ho lever i eit stillebelte i røyndomen, ho vert fortalt at det finst langt større ting i livet ein stad, og ho er bitter og misnøgd med at ho ikkje får tilgang til det.»[5]

Musikkvideo endre

For å promotore singelen laga Mick Rock ein enkel, men påfallande promovideo, der Bowie med mykje sminke i turkis, «isblå» dress syng songen solo føre ein heilt kvit bakgrunn. Dette vart filma bak scenen i Earls Court den 12. mai 1973. Dressen var designa av Freddi Buretti. Dette var den fjerde musikkvideoen til Bowie.

Utgjeving endre

Songen vart gjeven ut på singel i juni 1973, og har lenge vert rekna som ein klassikar som er mykje spelt på radio. Singelen nådde tredjeplass på den britiske singellista, og heldt seg der i 13 veker.

I februar 1999 førte musikkmagasinet Q opp singelen som ein av dei 100 største singlane gjennom tidene, stemd fram av lesarane. Han har halde fram med å dukke opp på Q sine lister av denne typen, sist i 2006 då den hamna på 45. plass. I 1986 stemde lyttarane på BBC Radio 2 i Storbritannia fram songen som Bowie sin beste nokonsinne.

Neil McCormick frå The Daily Telegraph rangerte i juni 2015 songen på førsteplassen over dei 100 beste songane gjennom tidene.[2] Han skreiv om songen:

« Ein ganske fantastisk rar hymne, der kombinasjon av gripande, lengtande melodi og levande, poetiske bilete klarar eit knep som er særs særeigen for kunsten i denne songen: å samstundes vere fullstendig ugjennomtrengeleg og likevel klangfull med personleg meining. Du ønskjer å heve stemma di og synge med, men likevel fører den oppkutta teksten til Bowie at du vert tvungen til å gje songen noko av deg sjølv berre for å få ei kjensle av oppleving. Og, som alle store songar, har han ein herleg melodi. »

Innhald endre

  1. «Life on Mars?» (Bowie) – 3:48
  2. «The Man Who Sold the World» (Bowie) – 3:55

Den portugisiske utgåva av singelen hadde «Black Country Rock» som b-side.

Medverkande endre

Andre utgåver endre

  • 1. oktober 1972 spelte Bowie songen ved The Music Hall i Boston. Denne vart gjeve ut på bonusdiskutgåva av Aladdin Sane - 30th Anniversary Edition i 2003.
  • Ei annan konsertutgåve vart spelt inn ved Santa Monica Civic Auditorium i Los Angeles, 20. oktober 1972 og vart gjeve ut på Santa Monica '72.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976, i ein medley med «Five Years», vart gjeven ut på Live Nassau Coliseum '76, ein del av 2010-utgåva av Station to Station.
  • Eit opptak filma den 12. september 1983 vart med i filmen Serious Moonlight (1983).
  • Songen vart spelt på fjernsynsprogrammet VH1 Storytellers den 23. august 1999.
  • Eit opptak frå november 2003 vart gjeve ut på A Reality Tour DVD i 2004 og sidan på A Reality Tour i 2010.
  • Bowie spelte songen den 8. september 2005 i lag med Arcade Fire ved Radio City Music Hall i New York City under Fashion Rocks. Han vart introdusert av Alicia Keys og akkompagnert av Mike Garson. Innspelinga vart då tilgjengeleg på iTunes.
  • I 2012 kom det ut ein «2003 Ken Scott Mix» på 40-årsjubileumusutgåva av Hunky Dory. I 2003 hadde Ken Scott laga fleire alternative miksar frå dei originale masterlydbanda for det svenske TV-programmet «Musikkmagasinet», som i sin heilskap handla om songen. Desse miksane var ein «Abbey Road Mix», «Voice Mix», «Piano Mix», «Recorder Mix» og «Instrumental Mix». Ingen av desse vart nytta i programmet. Ken Scott-mixen kom seinare ut på 3 CD-utgåve av Nothing Has Changed.

Andre versjonar endre

Så tidleg som i 1974 gav Barbra Streisand ut ein versjon av songen på albumet hennar ButterFly. Songen er òg spelt av den italienske artisten L'Aura, den australske rockevokalisten Mig Ayesa, den finske visesongaren Hector, den amerikanske popartisten Michelle Branch og den brasilianske songaren Seu Jorge (for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou). The Flaming Lips spelte songen på konsertane sine i 1992, som dei seinare gav ut på singelen «This Here Giraffe». Songen vart spelt mange gonger på konsertar av det amerikanske bandet Phish. Anggun spelte inn songen for det første internasjonale albumet sitt, Snow on the Sahara (1998), og gav han i tillegg ut som singel. Ein versjon av Arid-songaren Jasper Steverlinck og Kolacny Brothers nådde førsteplassen i Belgia i 2002. Jazztrioen The Bad Plus spelte songen i 2007 for albumet Prog. Ukulele Orchestra of Great Britain spelte songen blanda med «My Way» og «For Once in My Life» blant andre. I 2009 spelte det japanske rockebandet VAMPS songen som B-side på den tredje singelen deira.

Anni-Frid Lyngstad, kjend frå ABBA, spelte inn ein svensk versjon av songen kalla «Liv på Mars?» (med svensk tekst skriven av Owe Junsjö), som finst på soloalbumet hennar Frida ensam frå 1975.

Andre som har spelt inn songen er Steve Hogarth frå Marillion, The Dresden Dolls, G4, Arcade Fire, med Bowie på gjestevokal, Adam Lambert, Keren Ann. Også Cæcilie Norby fra Danmark har gjort en vakker versjon, utgitt på Copenhagen Records 2007.

I populærkulturen endre

BBC-dramaserien Life on Mars, med John Simm og Philip Glenister, nytta både namnet og sjølve songen som grunnlag for serien. Songen vart mykje nytta i både denne serien og spin-off-serien Ashes to Ashes. Songen vart òg nytta i den amerikanske utgåva av serien.

I den britiske fjernsynsserien Doctor Who er det ein romstasjon på Mars som heiter «Bowie Base One» i episoden «The Waters of Mars».

I Lars von Trier-filmen Breaking the Waves frå 1996 vert «Life on Mars» spelt under epilogen, men songen vart byta ut med Elton John sin «Your Song» på den internasjonale DVD-utgåva av opphavsrettsårssaker.[6]

Green Day-songaren Billie Joe Armstrong har sagt at han anten vil ha «Life on Mars» eller «Take This Job and Shove It» av Johnny Paycheck spelt i gravferda si.[7]

«Life on Mars» er nytta i filmen The Life Aquatic frå 2004, med Bill Murray som Steve Zissou. Songen vert spelt medan Murray går høg og dopa til baugen av båten sin under ein fest. Songen vart òg nytta i filmen Loverboy og Hunky Dory i 2012, der han er sungen av karakteren Davey (Aneurin Barnard).

Jessica Lange song ei utgåve av songen med kraftig tysk aksent i den fjerde sesongen av FX-serien American Horror Story: Freak Show.[8] Lange spelar ei rolle som har etternamnet Mars, og er ikledd ei isblå buksedrakt og kraftig augeskugge, som etterliknar Bowie-videoen.[8]

Lister endre

Liste (1973–2016) Plassering
Australia (ARIA)[9] 67
Frankrike (SNEP)[10] 3
Tyskland (Media Control AG)[11] 39
Italia (FIMI)[12] 33
UK Singles (Official Charts Company)[13] 3

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre