Lille-Raipas

ås i Alta i Finnmark

69°56′19″N 23°21′37″E / 69.93861°N 23.36028°E / 69.93861; 23.36028 Lille-Raipas (nordsamisk: Unna Ráipásaš) er eit fjell i Alta kommune i Vest-Finnmark i Finnmark fylke, 5 km søraust for Alta sentrum. Fjellet er 286 meter høgt og utgjer eit av punkta på Struvemeridianen, som i 2005 vart teke med på UNESCO si verdsarvliste.[1]

Geologi endre

For meir om dette emnet, sjå Raipaskomplekset.

Berggrunnen høyrer til Raipasgruppen som består av ein tjukk lagpakke med grønstein og over dette ein tjukk lagpakke av kvartsitt. Grupp finst i eit grunnfjellsvindauge mellom Alta og Kvænangen og høyrer til Finnmarksvidda sitt grunnfjellsområde. Tilsvarande grønstein og kvartsitt finst òg i Aust-Finnmark sitt grunnfjellsområde og alderen er 2 milliardar år.[2]

I fjellet har ein funne Europa sine eldste fossil av 1800 millionar år gamle stromatolittar.

Raipas gruve ligg på fjellet Lille-Raipas. Førekomsten vart truleg funnen i 1685. Alten Copper Works dreiv gruvedrift frå 1836 til 1869 og var ved sidan av Gammelgruva i Kåfjord den viktigaste for koparverket i Kåfjord.

Kjelder endre

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre