Ludo Coeck

belgisk fotballspelar

Ludovic Coeck (25. september 19559. oktober 1985) var ein belgisk fotballspelar frå Anvers som med RSC Anderlecht vann cupvinnarcupen to gongar og UEFA-cupen i 1983. Han var venstreveng eller midtbanespelar på Belgias landslag i tida 1974-84.

Ludo Coeck


Statsborgarskap Belgia
Fødd 25. september 1955
Berchem
Død

9. oktober 1985 (30 år)
Edegem

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1984

Ludo Coeck til venstre

Klubbspel endre

Coeck var Anderlecht-spelar frå 1972 til 1983. Med topplaget frå Brussel var han seriemeister to gongar og ein gong nasjonal cupmeister. Både i 1976, 1977 og 1978 fekk han plass i fyrste-ellevaren då Anderlecht tok seg til den årlege finalen i cupvinnarcupen. Det belgiske laget sigra over høvesvis West Ham United i 1976 og Austria Wien i 1978, i 1977 vart det tap mot Hamburger SV. Han tok avskjed med Anderlecht etter han var med i UEFA-cupfinalane 1983, heimekampen mot Benfica enda 1-0 og bortekampen 1-1. Etter triumfen mot Benfica gjekk Coeck sommaren 1983 vidare til italienske FC Internazionale og sidan Ascoli, der han fekk lite og inkje speletid.

Landslagsspel endre

Knapt 19 år gammal, fekk Coeck sin landslagsdebut då han vart bytta inn i EM-kvalifiseringskampen mot Island i Reykjavik, hausten 1974. Han spelte alle fem kampane då Belgia tok seg til mellomspelet i VM i fotball 1982, ei turnering der han med eit langskot skåra dei einaste målet i gruppespelkampen mot El Salvador. 27. april 1983 vart Coeck matchvinnar då Belgia vann 2-1 mot Aust-Tyskland i ein kamp som hjelpte Belgia til plass i EM i fotball 1984. Under sjølve europameisterskapen i Frankrike var han innbytar i to oppgjer, dei siste i landslagsdrakta. Han deltok i 46 landskampar og skåra 4 mål.

Coeck døydde 30 år gammal etter å ha vorte alvorleg skadd då han køyrde inn i autovernet på motorvegen nær Rumst.

Merittar endre

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1976 og 1978 med Anderlecht
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1983 med Anderlecht
  • Belgisk seriemeister: 1974 og 1981 med Anderlecht
  • Belgisk cupmeister: 1975 med Anderlecht

Kjelder endre