Maria Edgeworth (1. januar 176722. mai 1849) var ein anglo-irsk forfattar og ei av opphavskvinnene til den moderne romanen.

Maria Edgeworth

Pseudonym Eliza Edgeworth
Statsborgarskap Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1. januar 1768
Oxfordshire
Død

22. mai 1849 (81 år)
Edgeworthstown

Yrke essayist, romanforfattar, barnebokforfattar, skribent
Språk engelsk
Far Richard Lovell Edgeworth
Mor Anna Maria Edgeworth
Signatur
Maria Edgeworth på Commons

Liv endre

Mor til Edgeworth var engelsk medan faren kom frå ein anglo-irsk familie som hadde eigd landområde rundt Edgeworthstown i 200 år. Maria bli fødd i Oxfordshire, der besteforeldra budde, og fekk utdanninga si i England. Det seinare livet sitt budde ho hovudsakleg i Irland. Ho var eldste dotter av Richard Lovell Edgeworth, nummer to i ein søskenflokk på 22 (faren hadde fire koner). Etter faren sitt ønske fekk Maria ei god utdanning ved Derby og i London. Mora døydde då ho var seks, men far og dotter hadde eit nært samband, både personleg, intellektuelt og profesjonelt.

Maria og familien flytta til Irland og familiegodset Edgeworthstown i 1782, då ho var seksten. Her verka ho som assistent og sekretær for faren, og fekk god kjennskap til livet i eit stort irsk herskapshus, både for herskapet og for bøndene som arbeidde for dei. Ho underviste syskena sine og dikta historier for dei som ho seinare skulle gje ut.

Edgeworth blei etter kvart velkjend som forfattar og fekk innpass i høgare sirklar i London og Paris. Sjølv beundra ho og dyrka vennskap med personar som hadde fått til noko, som politikarar, oppfinnarar og vitskapsmenn. Ho kjende mellom anna David Ricardo, Thomas Malthus, James Mill og Francis Horner.

Ho gifta seg aldri. Ekteskap var på tale med svenske grev Edelcrantz, privatsekretæren til den svenske kongen, under ei reise til fastlandseuropa i 1802. Det blei ikkje noko av fordi ingen av dei ville flytta frå heimlandet sitt.

Etter at faren døydde i 1817 konsentrerte Edgeworth seg meir om å driva herskapsgarden og skreiv lite, bortsett frå å fullføra memoara til Richard Edeworth etter hans død. Maria Edgeworth døydde 82 år gammal, under hungersnauda i Irland. Ho var aktiv til det siste, og prøvde mellom anna å hjelpa nokre av dei sveltande irske bøndene.

Verk endre

Edgeworth var ein nyskapande forfattar som blei verdsett både av pedagogar og seinare forfattarar. Sir Walter Scott, Jane Austen, Lord Byron og Ivan Turgenjev er mellom dei ho påverka. Scott var ein særleg stor beundrar, og ho likte òg verka hans. Dei brevveksla og vitja kvarandre i Irland og Skottland.

Det første verket til Maria Edgeworth, Letters for Literary Ladies, om utdanning for kvinner, kom ut i 1795. Mykje av det ho skreiv blei saumfart og påverka av faren, som òg var forfattar, men den nyskapande første romanen hennar, Castle Rackrent (1800) var skriven heilt utan hans hjelp. Denne forteljinga om fleire generasjonar av Rackrent-familien (rack rent tyder 'ovhøg leige') blir sett på som den første oppdikta familiesagaen og den første historiske romanen, og er den første romanen som bruker ein forteljar som ikkje alltid er til å lita på. Castle Rackrent kritiserte hennar eige miljø, den anglo-irske herskarklassen, som tåpelege eller sløsete menneske som hadde drive godsa sine i grøfta. Edgeworth håpa med det å inspirera landeigarane til meir ansvarsfull oppførsel.

Verka til Edgeworth var alltid skrivne med ein moralsk lærdom i tankane, som regel om at overklassen hadde eit ansvar om å ta seg av dei som var under dei. Forteljingane blei likevel skulda for å ikkje vera religiøse – religion, svært viktig på denne tida, er ganske enkelt ikkje til stades i bøkene hennar.

Medan mange av dei polemiske og pedagogiske verka hennar i dag verker tunge og irrelevante, er mange av forteljingane fortsatt levande, og kan lesast for å få eit inntrykk av Irland på 1700- og 1800-talet.

Verkliste endre

  • Letters to Literary Ladies, essay, 1795
  • The Parent's Assistant, barneforteljingar, 1796 (seks bind)
  • Practical Education, 1798, (2 bind, samarbeid med faren)
  • Castle Rackrent, roman, 1800,
  • Early Lessons, undervisingsmateriell, 1801
  • Belinda, roman, 1801
  • Essay on Irish Bulls, politisk essay, 1802 (samarbeid med faren)
  • Popular Tales, forteljingar, 1804
  • The Modern Griselda, roman, 1804,
  • Moral Tales for Young People, barneforteljingar, 1805 (seks bind)
  • Leonore, roman, 1806
  • Tales of Fashionable Life, forteljingar, 1809
  • Patronage, roman, 1814 (fire bind)
  • Harrington, a tale, roman, 1817
  • Ormond, a tale, roman, 1817
  • Comic Dramas, 1817
  • Memoirs of Richard Lovell Edgeworth, 1820 (fullførte verket til faren)
  • Early Lessons, forteljingar, 1822
  • Tales and Miscellaneous Pieces, forteljingar, 1825
  • Helen, roman, 1834

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Originaltekst av Maria Edgeworth ved Wikisource.