Marmarahavet (gresk Θάλασσα του Μαρμαρά, tyrkisk Marmara Denizi), i antikken kalla Propontis (gresk Προποντίς) er eit innhav mellom Svartehavet og Egearhavet som skil den europeiske og den asiatiske delen av Tyrkia frå kvarandre. Bosporossundet går frå Marmarahavet til Svartehavet, medan Dardanellane går til Egearhavet. Området dekkjer kring 11 350 km² (280 km x 80 km)[1] og den største djupna er 1370 meter.

Kart over Marmarahavet.
Bilete av Marmarahavet frå verdsrommet (STS-40, 1991). Maramarahavet er det lyse havområdet.
Astronautbilete av storbyområdet kring Izmit langs nord- og austkysten av Marmarhavet, i enden av Izmitbukta.

Geografi endre

Saliniteten i havet er i snitt 22 promille, som er noko større enn for Svartehavet, men berre om lag to tredjedelar saltinnhaldet i dei fleste havområde. Vatnet er derimot langt meir salt nær havbotnen, i snitt kring 38 promille, noko som er nær saltinnhaldet i Middelhavet. Dette salte botnvatnet går derimot ikkje opp til overflata, på liknande vis som i Svartehavet. Vasstilførsel frå elvane Susurluk, Biga (Granikos) og Gonen reduserer òg saltinnhaldet i havet, men elvane her har mindre påverknad enn dei har på Svartehavet. Lite av landområda i Thraki vert drenert sørover, så det meste av vatnet i desse elvane kjem frå Anatolia.

Det ligg to store øygrupper i havet, Prinseøyane og Marmaraøyane (inkludert Avşa og Paşalimanı). Sørkysten av havet er sterkt forreven og her finn ein mellom anna Izmitbukta, Gemlikbukta og Erdekbukta. Den nordanatoliske forkastinga, som har utløyst fleire store jordskjelv i nyare tid, som İzmit-skjelvet i 1999, går under havet.

Under eit uvêr den 29. desember 1999 knekte den russiske oljetankaren «Volgoneft» i to i Marmarahavet og meir enn 1500 tonn olje slapp ut i havet.

Namn endre

Havet har fått namn frå Marmaraøya, som er rik på marmor. Marmor på gresk er μάρμαρον (marmaron).[2]

Det greske namn i antikken var derimot Propontis som kjem av pro (før) og pont- (sjø). Dette viser til at grekarane segla gjennom dette havet før dei kom til Svartehavet. I gresk mytologi førte ein storm på Propontis argonautane attende til øya dei hadde dratt frå, og to an island they had left, framskunda eit slag der anten Jason eller Herakles tok livet av Kong Kyzikos, som trudde dei var fiendane hans frå Pelasgia.[3]

Byar endre

Byar langs kysten av Maramarahavet er:

Provinsen Istanbul

Istanbul
Adalar
Bakırköy
Bostancı
Kadıköy
Kartal
Kumkapı
Pendik
Üsküdar
Yeşilköy
Zeytinburnu
Büyükçekmece
Kumburgaz
Silivri
Tuzla

Provinsen Balıkesir

Bandırma
Erdek
Gönen
Marmara

Provinsen Bursa

Gemlik
Karacabey
Mudanya

Provinsen Çanakkale

Biga
Gelibolu
Lapseki

Provinsen Kocaeli

Derince
Eskihisar
Gebze
Gölcük
Hereke
İzmit (Pr. Cap)
Karamürsel
Körfez

Provinsen Tekirdağ

Marmara Ereğli
Şarköy
Tekirdağ (Pr. Cap)

Provinsen Yalova

Altınova
Armutlu
Çiftlikköy
Çınarcık
Termal
Yalova (Pr. Cap)





Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

40°45′N 28°00′E / 40.750°N 28.000°E / 40.750; 28.000