Martin Höllwarth

Martin Höllwarth (fødd 13. april 1974) er ein austerriksk tidlegare skihoppar frå Schwaz i Tirol. Han vann to individuelle OL-sølv i 1992 og ei VM-bronse i 2001. Både i 2001 og 2005 var han med på austerrikske firemannslag som vann VM-gull, siste gongen til og med to gullmedaljar. Höllwarth representerte skiklubben SC Mayrhofen.

Martin Höllwarth


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 13. april 1974 (50 år)
Schwaz
Idrett skihopping
Tok del i

Vinter-OL 2002, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Normalbakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Stor bakke, Skihopping under Vinter-OL 1992 – Laghopp, Skihopping under Vinter-OL 1998 – Laghopp

Aktiv endre

Höllwarth var ein av dei fyrste austerrikske skihopparane som hoppa med V-stil. I 1991, knapt sytten år gammal, vart han juniorverdsmeister i skihopping. Han debuterte i verdscupen romjula 1991, der han vart nummer fire i opningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Straks etter hoppveka fekk han i Predazzo sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Seinare i OL-sesongen vann Höllwarth tre sølvmedaljar under vinter-OL 1992i Albertville. I normalbakken kom han bakom landsmannen Ernst Vettori og i storbakken var finske Toni Nieminen dein som overgjekk han. I lagtevlinga fekk Höllwarth sølvmedalje saman med Ernst Vettori, Andreas Felder og Heinz Kuttin.

Dei fem sesongane 1993-97 var Höllwarth sjeldan å finne dei beste på resultatlistene i verdscupen. Berre ein og annan gongen slumpa han til å gjere to gode hopp, og kunne dermed notere seg for nokre få sigrar.

Frå 1998 til 2005 var Höllwarth tilbake mellom dei beste skihopparane i verda. Særleg flink og stabil var han i dei fire siste sesongane i perioden, og både i 2004 og 2005 kom han på femteplassen i verdscupen. Höllwarth vann åtte individuelle verdscuprenn, det fyrste i januar 1992 og det siste i januar 2005. 28 gongar (8-6-14) kleiv han på pallen i verdscuprenn.

Höllwarth la opp som skihoppar i 2008. Han bur i dag i Mieming.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap endre

Medaljar i laghopp i internasjonale meisterskap endre

Verdscupsigrar endre

Nr. Dato Stad Land
1. 10. januar 1992 Predazzo Italia
2. 19. desember 1992 Sapporo Japan
3. 5. februar 1997 Willingen Tyskland
4. 7. desember 2002 Trondheim Noreg
5. 14. desember 2002 Titisee-Neustadt Tyskland
6. 15. desember 2002 Titisee-Neustadt Tyskland
7. 18. januar 2004 Zakopane Polen
8. 6. januar 2005 Bischofshofen Austerrike

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre