My Generation
Singel av The Who
frå albumet My Generation
B-side
Språk engelsk
Utgjeve
  • 29. oktober 1965 (Storbritannia)
  • 5. november 1965 (USA)[1]
Innspelt 13. oktober 1965
Studio IBC Studios i London
Sjanger
Lengd 3:18
Selskap
Komponist Pete Townshend
Tekstforfattar Pete Townshend
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent Shel Talmy
The Who-kronologi 
«Anyway, Anyhow, Anywhere»
(1965)
My Generation «Substitute»
(1966)


«My Generation» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Songen vart ein stor hit og er ein av dei mest kjende songane deira. Songen vert ofte trekt fram som ein av dei største rockesongane gjennom tidene, og vart av musikkmagasinet Rolling Stone rangert på 11. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene og på 13. plass på VH1 si liste over dei 100 største rockesongane.[5] Songen er òg ein av del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll, og han er innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2009 vart han rangert på 37. plass av VH1 på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[6]

Songen er skriven av Pete Townshend i 1965 for den opprørske britiske ungdomsrørsla kalla mods. Songen uttrykte kjensla om at eldre folk «rett og slett ikkje forstår kva det handlar om».

Songen vart gjeven ut som singel 5. november 1965 og nådde andreplassen i Storbritannia og 74. plas i USA.[7] «My Generation» vart òg gjeven ut på debutalbumet deira i 1965, My Generation (The Who Sings My Generation i USA) og finst i ein kraftig utvida versjon på konsertalbumet Live at Leeds (1970). The Who spelte songen inn att på ny for EPen Ready Steady Who! i 1966, men denne versjonen vart først gjeven ut i 1995 på den nymastra utgåva av A Quick One. Den største skilnaden mellom desse to versjonane er at i staden for feedbackavsluttinga på originalen, endar den nye utgåva i ei kaotisk utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».

Inspirasjon endre

Townshend skreiv visstnok songen på eit tog og skal ha vore inspirert av dronningmora, som skal ha fått ein likbil som Townshend eigde taua bort frå ei gate i Belgravia fordi ho ikkje likte synet av bilen på den daglege køyreturen hennar gjennom nabolaget.[8] Townshend har òg nemnd Mose Allison sin «Young Man Blues» som ei inspirasjonskjelde, og skal ha sagt at utan Mose Allison hadde ikkje han skrive songen.[9] Townshend fortalde Rolling Stone i 1985 at «My Generation» handla om å prøve å finne plassen sin i samfunnet.»[10]

Komposisjon endre

Teksten til songen er rekna som ein av dei tydlegaste bodskapane om ungdommeleg opprør i rockehistoria. Tonen til songen var aleine ein forgjengar for punkrockrørsla. Eit av dei mest kjende sitata frå teksten er «I hope I die before I get old» («Eg håpar eg døyr før eg vert gammal»), som vert sunge av Roger Daltrey.

Som mange av dei tidlege Thw Who-songane er «My Generation» tydeleg inspirer av amerikansk R&B, særleg call and repsonse-forma i versa. Daltrey song ei linje og korvokalistane Pete Townshend og John Entwistle, svarte med refrenget «Talkin' 'bout my generation»:

People try to put us d-down (Talkin' 'bout my generation)
Just because we g-g-get around (Talkin' 'bout my generation)
Things they do look awful c-c-cold (Talkin' 'bout my generation)
I hope I die before I get old (Talkin' 'bout my generation)

Eit anna tydlege aspekt med «My Generation» er den sinte og frustrerte stamminga til Daltrey. Det finst fleire soger om korleis denne stamminga kom til. Ein av dei er at songen starta som ein sakte «snakkande» bluessong utan stamming, men etter å ha vorte inspirert av John Lee Hooker sin «Stuttering Blues», omarbeidde Townshend songen til den noverande forma. Ei anna soge er at det vart foreslått for Daltrey at han skulle stamme for å høyrast ut som ein britisk mod på amfetamin. Plateprodusenten Shel Talmy har fortald at det rett og slett var «eit uhell», som dei valde å halde. Roger Daltrey har òg sagt at han ikkje øvde på songen før innspelinga og ikkje kunne høyre stemma si i monitorane. Då han skulle synge songen kom stamminga av at han prøvde å passe teksten til musikken. Bandet syntes det høyrdest bra ut og valde og halde det slik. BBC ville først ikkje spele «My Generation» for å unngå og fornærme folk som stamma, men valde å snu om på dette då songen vart populær.

Instrumenteringa på songen reflekterer teksten, rask og aggressiv. Songen er mellom anna kjend for å innehalde ein av dei første bassoloane i rockehistoria. Denne vart spelt av Entwistle på hans Fender Jazz Bass, i staden for Danelectro-bassen han ønskte å bruke. Danelectros-bassen hadde sjeldant tynne strengar som brukte å slitne, så Entwistle vart frustrert og nytta i staden Fender-bassen sin. Avsluttinga på songen inneheld tromming av Keith Moon og gitarfeedback frå Townshend sin Rickenbacker 330, i staden for ein normal nedtoning.

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1965–66) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 2
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[12] 9
Canada Top Singles (RPM)[13] 3
Irland (IRMA)[14] 7
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[15] 5
Nederland (Mega Single Top 100)[16] 7
UK Singles (Official Charts Company)[17] 2
US Billboard Hot 100[18] 74
Vest-Tyskland (Offisiell tysk singelliste)[19] 6
Liste (1988) Plassering
Australia (Kent Music Report)[11] 88

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[20] Sølv 250 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver endre

Mange artistar har spelt sine utgåver av «My Generation». Av desse finn ein mellom andre Oasis, Iron Maiden, Hilary Duff, Green Day, Phish, Floater, The Wahas, The Zimmers, Gorky Park, Di-Rect, Generation X, Acrylic Steel, The Sweet og Patti Smith

Kjelder endre

  1. «My Generation». Arkivert frå originalen 14. mars 2009. . TheWho.com.
  2. Unterberger, Richie. «My Generation – Song Review». AllMusic. All Media Network. Henta 28. august 2014. 
  3. «Vh1 Top 100 Hard Rock Songs». Spreadit.org. 1. januar 2009. Henta 28. august 2014. 
  4. Kitts, Jeff; Tolinski, Brad (2002). Guitar World Presents the 100 Greatest Guitarists of All Time: From the Pages of Guitar World Magazine. Hal Leonard Corporation. s. 21. ISBN 0-634-04619-5. 
  5. Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Rock Songs: 1-50
  6. «spreadit.org music». Henta 10. mai 2009. 
  7. http://www.thewho.net/discography/songs/MyGeneration.html Arkivert 2007-03-03 ved Wayback Machine. My Generation.
  8. AMAZING JOURNEY: THE LIFE OF PETE TOWNSHEND, arkivert frå originalen 2. desember 2007, henta 10. mai 2009 
  9. Mose Allison.
  10. My Generation Arkivert 2007-02-21 ved Wayback Machine..
  11. 11,0 11,1 «Forum – ARIA Charts: Special Occasion Charts – CHART POSITIONS PRE 1989». Australian-charts.com. Hung Medien. Henta 13. september 2019. 
  12. "The Who – My Generation – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 13. september 2019.
  13. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 13. september 2019.
  14. "The Irish Charts – Search Results – My Generation". Irish Singles Chart. Retrieved 13. september 2019.
  15. "Nederlandse Top 40 – The Who - My Generation search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 13. september 2019.
  16. "Dutchcharts.nl – The Who – My Generation" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 13. september 2019.
  17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 13. september 2019.
  18. «The Who – Awards». AllMusic. All Media Network. Henta 13. september 2019. 
  19. "Offiziellecharts.de – The Who – My Generation". GfK Entertainment Charts. Henta 13. september 2019. For å sjå plasseringa, klikk "TITEL VON The Who"
  20. «British single salstrofé – The Who – My generation». British Phonographic Industry. Henta 5. juli 2018.  Enter My generation in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go