Energidepartementet
Energidepartementet (ED), tidlegare Olje- og energidepartementet, har som hovudoppgåve å legge rette for ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvennleg forvalting av energiressursane.
| |||
Offisielt namn | Olje- og energidepartementet, Energidepartementet | ||
---|---|---|---|
Type | Norske departement | ||
Virkefelt | Noreg | ||
Skipa | 1. januar 1997[1] | ||
Org.nummer | 977161630 | ||
Statsråd | Terje Aasland (Ap) | ||
Hovudkontor | Akersgata 59, Oslo | ||
Undergrupper | Regjeringa i Noreg | ||
Tilsette | 156 (2013) | ||
Jurisdiksjon | Noreg | ||
Nettside | https://www.regjeringen.no/no/dep/ed/id750/ |
Terje Aasland frå Arbeidarpartiet har vore statsråd for departementet sidan 7. mars 2022.
Historie endre
Olje- og energidepartementet (OED) blei oppretta 1. januar 1997 med utgangspunkt i delen av det tidlegare Nærings- og energidepartementet som arbeidde med olje- og energispørsmål.[2]
Energisektoren hadde også sitt eige departement i perioden mellom 1978 og 1992. Olje- og energidepartementet vart 11. januar 1978 skild ut frå Departementet for industri og handverk, som samstundes endra namn til Industridepartementet.
Underliggjande etatar endre
Tilknytte verksemder endre
Sjå òg endre
Kjelder endre
Bakgrunnsstoff endre