Olve Grotle

norsk advokat og politikar

Olve Grotle (fødd 17. februar 1964) er ein norsk jurist og politikar frå Bremanger. Sidan 2021 har han representert valkrinsen Sogn og Fjordane og partiet HøgreStortinget.

Olve Grotle

Fødd17. februar 1964 (60 år)
Bremanger kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Bergen
Alle verv

Grotle vart i 1989 cand.jur. med kommunalrett som spesialfag ved Universitetet i Bergen. Han var tilsett i Advokatfirmaet Harris i 1990-93 og 1995-2003. 1993 og 1994 var han dommarfullmektig ved Sunnfjord sorenskriveri. I tida 2003 til 2011 var han privatpraktiserande advokat i Førde.

Grotle var medlem i Førde bystyre frå 2003, ordførar frå 2011. Etter kommunevalet 2019 vart han vald til ordførar i den nye kommunen Sunnfjord kommune. Hausten 2021 kom han inn på Stortinget, som representant for Høgre. Han vart plassert i Næringskomitéen.

Kjelder endre