Omleiringa av Pemaquid i 1689

Omleiringa av Pemaquid (2.-3. august 1689) var eit åtak av abenaki-indianarar på det engelske fortet i Pemaquid, då den austlegaste utposten i kolonien Massachusetts Bay (dagens Bristol i Maine). Det vart mogeleg organisert av den fransk-abenakiske leiaren Jean-Vincent d'Abbadie de Saint-Castin.

Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Fortet i Pemaquid vart kommandert av løytnant James Weems og var svakt etter at dei fleste i garnisonen hadde desertert etter eit opprør året før då guvernør Andros vart styrta i Boston. Weems og garnisonen som var att heldt ut ein dag, men etter å ha mista mange mann overgav dei seg. Abenakiane let Weems og mennene hans dra attende til Boston. [1] Den 4. august brende abenakiane fortet ned og den nærliggande busetnaden Jamestown.

Fort i Pemaquid vart bygd opp att i stein i 1692-1693 og erobra igjen av ein fransk-indiansk styrke i 1696.

Kjelder endre

  1. Webster, John Clarence. Acadia at the End of the Seventeenth Century. Saint John, NB, The New Brunswick Museum, 1979.