Oskar Skogly

norsk politikar

Oskar Skogly (4. februar 190816. februar 1988) var ein norsk organisasjonsmann og politikar frå Fåberg i Oppland. Han var seks månader i 1963 kommunal- og arbeidsminister i Einar Gerhardsen si tredje regjering, samt stortingsrepresentant frå 1958 til 1969.

Oskar Skogly
Fødd4. februar 1908
Fåberg kommune
Død16. februar 1988 (80 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Alle verv

Skogly gjekk både på lærlingskule og teknisk kveldsskule i åra frå han var 14 til 18. Frå 1932 til -36 gjekk han i målarlære. Han arbeidde så som målar nokre år. I 1945 vart han tilsett styrar ved Bygningsarbeidernes målekontor for Hedmark og Oppland. Deretter var han frå 1952 forbundssekretær i Hedmark og Oppland fram til 1958.

Skogly var medlem av heradsstyret i Fåberg frå 1937, ordførar i tolv år frå 1945. Seinare var han medlem i Lillehammer bystyre i to åtskilde periodar; 1964-71 og 1976-79. Gjennom fleire tiår var han med i styringa av ei mengd offentlege verksemder og tiltak. Til dømes var han formann i Hunderfossen interkommunale kraftselskap 1946-76, Sjukehusnemnda i Oppland 1949-57, Helsenemnda i Oppland 1949-57, Hovudstyret i Den Norske Stats Husbank 1966-78 og Det regionale høgskulestyret for Oppland 1976-84.

Skogly møtte på Stortinget i tre samanhengande valperiodar; 1958-61, 1961-65 og 1965-69. Han var medlem i Kommunalkomiteen 1958-63 og Sosialkomiteen 1963-69, og var formann i fyrstnemnde 1961-63 og sistnemnde 1965-69.

Den 4. februar 1963 vart Skogly utnemnd til kommunalminister i Gerhardsen III-regjeringa. Under handsaminga av Kings Bay-ulykka 1962 mista regjeringa styringa med debatten. Rapporten frå Tønseth-kommisjonen, utpeika av regjeringa, om ulykka kom til departementet kort tid før Stortinget skulle avslutte sesjonen i juni 1963. Skogly sende rapporten til pressa med sperrefrist same dag som Stortinget skulle oppløysast. Då opposisjonspartia fekk kjennskap til dette, vart oppløysinga utsett, og i august 1963 fall regjeringa etter eit mistillitsvotum i Stortinget. Då Einar Gerhardsen skipa si fjerde regjering hausten 1963 fekk ikkje Skogly nokon ministerpost, noko han tok seg svært nær av.[1]

Skogly fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1978.

Kjelder endre

  1. Haugland, Jens (1986). Dagbok frå Kongens råd. Samlaget. s. 185. ISBN 8257405299.