Pastillar er små, tablett- eller pilleliknande drops eller dragerte gelèkuler. Dei kan ha ulike smakar, det kan til dømes vere frukt-, lakris-, salmiakk- eller saltpastillar. Fleire pastillar er gode mot sår hals, såkalla halspastillar, andre kan vere med stoff for tann- eller munnhygiene. Pastiller vert selde som godteri i kioskar og daglegvarebutikkar.

Lakrispastillar (her Poletter frå Toms)

Ordet pastill kjem frå det franske pastille og italiensk pastillo som igjen stammar frå det latinske pastillum, det vil seie «pille».

Nokre pastillmerke i Noreg endre

Sjå og endre