Per Ditlev-Simonsen

norsk politikar

Per Ditlev-Simonsen (fødd 12. juni 1932 i Oslo) er ein norsk skipsreiar og tidlegare politikar for Høgre. Han var stortingsrepresentant 1981–1985, forsvarsminister 1989–1990 og ordførar i Oslo frå 1995 til 2007. Ditlev-Simonsen var i ei årrekkje partnar i reiarlaget Sverre Ditlev-Simonsen & Co (SDS), og har hatt ei rad ulike toppstillingar i SDS/Eidsiva-familien av selskap. Han var frå midten av 1970-talet aktiv i ei rekkje ulike verv for Oslo Høgre, og avslutta ein lang politisk karriere med å ha ordførarvervet i ein tolvårsperiode frå 1995. Ditlev-Simonsen vart pressa til å gå av som ordførar og trekkje seg ut av norsk politikk i 2007 etter at avisa Dagens Næringsliv avslørte at han hadde snytt på skatten ved bruk av ein hemmeleg bankkonto i Sveits.

Per Ditlev-Simonsen

Fødd12. juni 1932 (91 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande, reiar
Utdanna vedStanford University
FarSverre Ditlev-Simonsen
BarnCecilie Ditlev-Simonsen
Alle verv

Bakgrunn og yrkeskarrière endre

Per Ditlev-Simonsen, kalla «Diffen» blant vener,[1] er son av skipsreiar Sverre Ditlev-Simonsen og Lily Kaurin. Han er dermed soneson av Olaf Ditlev-Simonsen og brorson av Olaf Christian Ditlev-Simonsen. Ditlev-Simonsen har slik skipsfartsbakgrunn på farssida og embetsmannsbakgrunn på morssida. Farfaren, faren og to onklar var skipsreiarar, medan morfaren nedstamma frå ei lang rad av prestar. Barndomsheimen var prega av sterk familiekjensle kombinert med samfunnsengasjement og interesse for kunst og kultur.[treng kjelde]

Ditlev-Simonsen gjekk på den private folkeskulen Riis gymnas, tok examen artium på realfagslinja i 1950, og året etter studentfaglinja ved Oslo Handelsgymnasium. Den vidare utdanninga synte den tidleg utstaka karrierevegen – han skulle gå inn i familiereiarlaget. Han avtente verneplikta i Hans Majestet Kongens Garde, der han tok eit befalsskurs, og studerte ved Stanford University i California, der han vart uteksaminert med Bachelor of Arts i økonomi og historie i 1955. Han studerte òg språk i Frankrike, og arbeidde ei tid innan sjøforsikring og skipsmekling ved Willies, Faber & Dumasi i London.

Per Ditlev-Simonsen var frå 1955 til 1993 kompanjong i faren sitt reiarlag, Sverre Ditlev-Simonsen & Co (SDS). Han var administrerande direktør i SDS Drilling A/S frå 1974 til 1984, og arbeidande styreformann frå 1984 til 1989. Administrerande direktør i Skipsaksjeselskapet Eidsiva frå 1990 til 1992, og dessutan arbeidande styreformann òg her frå 1993 til 1999. Han har òg vore styreformann i Sea Goddes Cruisast Ltd. 1982–1999, Labogas VIII KS 1991–1996, Labogas XVI KS 1991–1994, SDS Shipping og Offshore A/S 1991–1993, Christiania Bank og Kredittkasse 1991–1996, Norske Liv 1993–1999, og K-Fondsforsikring A/S 1997–1999. Styremedlem i Christiania forsikring 1999–2001.

I ungdomsåra spelte Ditlev-Simonsen bandy i sportsklubben Ready, og er bokført med to ungdomslandskampar mot Sverige. Han var seinare klubben sin formann 1962–1963. Han har òg vore engasjert innan styret for Ski-VM 2011.

Ditlev-Simonsens store lidenskapen er bøker, med biografiar og historiebøker som klåre favorittar. Frå 1984 til 1999 åtte han Trolltun i Vågå, eit anlegg med gamle lafta hus, som vart omhyggelig sett i stand.

Politisk arbeid endre

Det var Oslo Høgres Rolf Stranger som førte Ditlev-Simonsen inn i politikken. Rekrutteringa innan Høgre kom på den tida vesentleg frå ungdomsorganisasjonane Unge Høgre og Den Konservative Studenterforening, og Stranger var oppteken av at partiet òg måtte få nye medlemmar frå næringslivet. Ved stortingsvalet 1973 vart Ditlev-Simonsen innvalt på Stortinget som 3. vararepresentant frå Oslo, og seinare gjenvalt i 1977 som 1. vararepresentant. Særleg i den andre perioden møtte han hyppig, og ved stortingsvalet 1981 kom han inn som fast representant, og var medlem av Stortingets finanskomité og delegasjonen til Den interparlamentariske union (IPU). I 1985 ynskte han ikkje å stille til gjenval.

Ditlev-Simonsen kom inn i Oslo bystyre og formannskap ved kommunevalet i 1975, og vart sitjande i to periodar. Han var medlem av helserådet og Helse- og sykehusutvalget (varaformann 1976–1979), i ei tid der dei kommunale sjukehusa i Oslo gjennomgjekk ei omfattande utbygging og modernisering. I 1982 etterfølgde han Jan P. Syse som formann i Oslo Høgre, og sat i denne posisjonen inntil 1988. Han sat òg i Høgres sentralstyre frå 1982 til 1991, dei første åra i kraft av formannsvervet i Oslo Høgre.

Etter stortingsvalet 1989 vart Jan P. Syse si regjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet danna, og frå 16. oktober 1989 var Ditlev-Simonsen statsråd i Forsvarsdepartementet. Ditlev-Simonsen hadde vore oppteken av Forsvaret sidan ungdomen, og var sterk tilhengar av det transatlantiske samarbeidt i tryggingspolitikken. Tida hans som forsvarsminister vart prega av Berlinmurens fall og Tysklands gjenforeining. Dette kravde nytenkning om utviklinga av forsvaret, og Ditlev-Simonsen tok initiativet til å opprette ein forsvarskommisjon med Kåre Willoch som formann. Jan P. Syse si regjering gjekk av den 3. november 1990.

Ved kommunevalet i 1995 vart Ditlev-Simonsen nominert til toppkandidat på Oslo Høgres liste. Ved konstitueringa av bystyret i oktober same år vart han vald til ordføraren, og han sat i tre periodar fram til 2007.

Avgang endre

 
Ditlev-Simonsen forklarar seg i forretningsutvalet
Foto: Kjetil Bjørnsrud

I august 2007 avslørte avisa Dagens Næringsliv at Ditlev-Simonsen på 1990-talet hadde ein bankkonto i den sveitsiske banken som då heitte Schweizerische Kreditanstalt. Dette hadde han ikkje oppgjeve til norske skattemyndigheter, og Ditlev-Simonsen erkjende dette same dag.[2] Kontoen vart ifølgje han sjølv avslutta før han vart ordførar i Oslo. Han vart av Høgres leiar Erna Solberg oppfordra til å trekkje seg frå Oslo Høgres valkamp fram mot kommunestyrevalet 10. september 2007, fordi saka auka fokuset på den private økonomien hans og skattejuks og ikkje på politikken til partiet.[3][4] Som følgje av mediemerksemda annonserte Ditlev-Simonsen 22. august at han ville gå av som ordførar. Avskjedssaka vart teken opp på møte i Oslo bystyre 29. august 2007 og han vart gjeven avskjed.

Per Ditlev-Simonsen er far til Cecilie Ditlev-Simonsen, tidlegare informasjonsdirektør i Norsk Hydro, og Sverre Ditlev-Simonsen. Dei innrømde begge 20. august 2007 at dei òg hadde hatt hemmelege kontoar i Sveits, kvar på 750 000 kroner.

Utmerkingar endre

Ditlev-Simonsen vart i 1997 utnemnd til storriddar av Den islandske falkeorden.[5]

Kjelder endre

  1. «På tomannshånd», Aftenposten Aften, 16. juni 1984
  2. «Gir svar på mandag». Dagens Næringsliv. 17. august 2007. Henta 18. august 2007. 
  3. Helge Carlsen (18. august 2007). «Misliker Solbergs utspill». NRK. Henta 20. august 2007. 
  4. NTB (18. august 2007). «- Bør trekke seg fra valgkampen». Aftenposten. Henta 20. august 2007. 
  5. Falkaordan 1997 Arkivert 2005-11-02 ved Archive.is, Forseti Íslands.

Bakgrunnsstoff endre