Peter Thomas Ørebech (fødd 11. mars 1948) er ein norsk jurist som har spesialisert seg på hav- og fiskerirett. Han er professor ved Noregs fiskerihøgskule ved UiT Noregs arktiske universitet.

Peter Ørebech
Fødd11. mars 1948
Død11. januar 2024
NasjonalitetNoreg
Områdefiskerirett
Yrkejurist, advokat, politikar
InstitusjonarNoregs fiskerihøgskole
Alma materDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
MedlemNei til EU

Ørebech fullførte juristutdanninga (cand. jur.) ved Universitetet i Oslo i 1976, og fekk advokatløyve i 1978. Han har vore forskar ved fiskerihøgskulen og juridisk fakultet i Tromsø sidan 1977, avbrote av av advokatpraksis frå 1989 til 1994.[1] Han har særleg interessert seg for korleis EU-rett, EØS-rett og internasjonale handelsavtaler som GATT og GATS innvirker på norsk fiskeriforvalting og suverenitet i nordområda. Han har òg skrive bøker om fiskeri- og havbruksrett.

Ørebech har vore politisk aktiv i Senterpartiet og Nei til EU gjennom ei årrekkje og er vararepresentant på Stortinget for Senterpartiet frå 2009-2013.[2]

Referansar endre

  1. uit.no Ørebech, Peter Th[daud lenkje]
  2. stortinget.no Ørebech, Peter ( 1948- )

Bakgrunnsstoff endre