Peter Gustav Zwilgmeyer

norsk politikar

Peter Gustav Zwilgmeyer (6. januar 181314. juni 1887) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann frå Ås i Akershus. Han var far til Dikken og Ludvig Zwilgmeyer. Kona hans var syster til statsråd Ludvig Daae.

Peter Gustav Zwilgmeyer
Fødd6. januar 1813
Ås kommune
Død14. juni 1887 (74 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebyfogd, politikar
FarHeinrich Carl Zwilgmeyer
BarnDikken Zwilgmeyer, Ludvig Daae Zwilgmeyer
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1865–1867)
  • vararepresentant til Stortinget (1868–1870)
  • vararepresentant til Stortinget (1871–1873)
  • vararepresentant til Stortinget (1874–1876) Sjå dette på Wikidata

Zwilgmeyer var son til ein språklærar innvandra frå Tyskland. Sjølv vart han student i 1830 og cand.jur. i 1834. Deretter var han fullmektig hos sorenskrivar i fem år, før han vart prokurator ved underretten i Romsdal 1841 og Tønsberg 1843. Han arbeidde som kopist 1849-51, sidan var han justissekretær ved stiftsoverretten i Trondheim fram til 1860. Tida 1860 til 1878 var han byfut i Risør.

Zwilgmeyer var Østerrisør sin representant på Stortinget 1865-66, der han var sekretær i kyrkjekomiteen. Dei neste tre stortingsperiodane var han varamann til Stortinget.

Han var busett i hovudstaden frå 1878 og døydde der i 1887.

Kjelder endre