Pollen (blomsterstøv) er dei hannlege sporane (mikrosporar) til frøplantar.[1] Pollen er ein umogen hannleg gametofytt.[1] Pollenkorna inneheld mikrogametofytten til planten som vil levera dei hannlege kjønnscellene når pollenkornet spirer på arret.

Mjølberarar med pollenkorn hjå ein amaryllis.
Fargelagt elektronmikroskopbilde av pollenkorn frå fleire ulike plantar: solsikke (Helianthus annuus), Ipomoea purpurea, Sidalcea malviflora, Lilium auratum, Oenothera fruticosa og oljeplante (Ricinus communis).
Ei skål songhwagaru, furupollen brukt til mat i Korea.

Dei fleste pollenkorn er mellom 0,1 og 0,01 mm store.[1] Pollenveggen har porer, spaltar og folder ordna i geometriske mønster som er karakteristiske innanfor visse familiar og slekter, det same gjeld for oppbygning og ornamentering.[1]

Utvikling endre

Pollen blir danna i pollensekkane av pollenmorceller (mikrosporocyttar) som deler seg ved reduksjonsdeling (meiose I og II).[1] Kvar mikrosporemorcelle dannar ein tetrade med fire mikrosporar. Mikrosporane deler seg (mitose) og dannar pollen som inneheld ei generativ celle[1] og éi (hjå dekkfrøplantar) eller fleire (hjå andre frøplantar) vegetative tubeceller omgjevne av ein tjukk ornamentert vegg (eksine). Veggen verner pollencella mot uttørking. Han er laga av sporopollenin, eit av dei mest motstandsdyktige stoffa som finst i naturen.[1]

Når pollenet spirer på arret blir det ein mogen gametofytt. Den vegetative cella veks ut som ein pollenslange nedover griffelen og til frøemnet. Ved kontakt med frøemnet vil dei to sædcellene gjennomføra den doble befruktinga som er unik for dekkfrøplantar: ei sædcelle går saman med eggcella og dannar ein zygote som gjev opphav til kimen til det komande frøet, medan den andre sædcella går saman med dei diploide eller dikaryote endosperm-kjernene og dannar triploid endosperm eller frøkvite i kimsekken.[2]

Pollinering endre

Plantar kan dra nytte av vind, vatn, dyr eller liknande for å flytta pollen mellom plantar og oppnå at ulike individ pollinerer kvarandre. Plantar som nytter vindpollinering produserer store mengder pollen - ein enkelt engsyreplante kan til dømes danna 400 millionar. Frå bartre, rakletre og gras kan det fyka som støvskyer. Hjå insektbestøva plantar er pollenet kleba saman og ofte sterkt ornamentert.[1]

Pollenallergi endre

Nokre menneske (og dyr) utviklar allergi mot pollen frå visse planteartar. Dei pollentypane som har størst tyding ved pollenallergi kjem frå treslaga or, hassel og bjørk. Pollenallergi kjem av at ein reagerer allergisk på visse protein som finst i nokre pollentypar. På fagspråket blir pollenallergi kalla sesongallergisk rhinitt, på folkemunne høysnue. Kroppen reagerer på proteinet i pollen og frigjer histamin og andre betennelsesframkallende substansar som kan føra til nysing, rennande nase og augekløe.

Pollenforsking endre

I 1676 var Nehemiah Grew den første til å finna ut at pollen hadde ein tilsvarande funksjon som sæd hjå dyr. Dei er likevel ulike: Kvart pollenkorn inneheld ein (haploid) gametofytt som produserer sædceller på eit senere stadium, meda sperma hjå dyr houedsakleg består av sædceller.

Pollen som kunnskapskjelde endre

For meir om dette emnet, sjå palynologi og pollenanalyse.

Pollen kan oppbevarast i tusenvis av år om det blir liggjande i eit oksygenfritt miljø, som i myrer eller på botnen av vatn. Den motstandsdyktige pollenveggen gjer også at pollen lettare blir oppbevart som fossil enn andre plantedelar.[1] Det er ei viktig kjelde til informasjon om vegetasjon i tidlegare tider.[1] Ein kan bruka pollenanalyse til å få historisk informasjon, til dømes om klima og klimaendringar, menneskeleg aktivitet og landbruk i tidlegare tider.[3]

Ein kan også bruka pollen innan kriminalteknikk, til dømes til å visa kvar ein person eller eit objekt har vore,[4] eller kva årstid noko fekk pollen på seg.[5] Pollen har mellom anna blitt brukt til å spora aktivitet ved massegraver i Bosnia,[6] og fanga ein innbrotstjuv som kom borti ein Hypericum-busk under eit innbrot.[7]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 «Pollen: botanikk». Store norske leksikon. 17. juni 2013. 
  2. «Befruktning hos planter». Store norske leksikon. 22. september 2016. 
  3. Frøydis Kvaløy (1. mai 2013). «Nye metoder for pollenanalyse». Forskning.no. 
  4. Bryant, Vaughn M. «Forensic Palynology: A New Way to Catch Crooks». crimeandclues.com. Arkivert frå originalen 3. februar 2007. 
  5. Stackhouse, Robert (17 April 2003). «Forensics studies look to pollen». The Battalion. 
  6. Wood, Peter (9 September 2004). «Pollen helps war crime forensics». BBC News. 
  7. D. Mildenhall (2006). «Hypericum pollen determines the presence of burglars at the scene of a crime: An example of forensic palynology». Forensic Science International 163 (3): 231–235. PMID 16406430. doi:10.1016/j.forsciint.2005.11.028.