Randi Karlstrøm
norsk politikar
Randi Karlstrøm (fødd 25. juni 1960 i Tinn i Telemark) er ein norsk politikar for KrF.
Randi Karlstrøm | |||
Fødd | 25. juni 1960 (63 år) Tinn kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Karlstrøm vart utdanna sivilagronom frå Landbrukshøgskolen på Ås i 1986. Ho var frå 1992 til 1995 generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. I 1996 fekk ho likestillingsprisen i Finnmark fylke. Ho satt på Stortinget frå Finnmark i 1997–2001. I 1999 starta ho ein kaffebar i heimbygda, som ho enno driv. Frå 2004 har ho vore deltidstilsett i Finnmark krets av Noregs KFUK-KFUM. I 2006 vart ho medlem av Nord-Hålogaland Bispedømmeråd, og i 1997-2001 medlem i Nordisk Råd.
Stortingskomitéar endre
- 1997–2001 medlem av Næringskomitéen frå 22. mars 2000
- 1997–2001 medlem av Finanskomitéen til 21. mars 2000
- 1997–2001 varamedlem av Valkomitéen
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Randi Karlstrøm» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.