Ror er ei styreinnretting for fartøy med blad eller ei venge festa til ei aksling. Ein kan bruka ror til å endra retningen til ei kraft i væske eller gass. Ein finn ror på båtar, skip og fly.

Skipsror og -propell

Rortypar endre

Skipsror endre

Frå gammalt av var roret på fartøy festa på styrbord side nesten bakerst på fartøyet, eit sideror. Dette var til dømes vanleg på vikingskip.[1] Sideror må ikkje forvekslast med ei styreåre. Sideroret var eit verkeleg ror som dreide rundt ein fast akse gjennom roret, i motsetning til ei åre, som dreier rundt eitt punkt. På 1100-talet byrja ein bruka hekkror/(bak-)stamnror. På tradisjonelle norske båtar blir roret ofte kalla for styre.

Av dagens hekkror skil ein mellom ubalansert ror, balanseror, halvspaderor og spaderor. Mange hurtigbåtar og dei fleste mindre fritidsbåtar i dag bruker vassjet eller dreibare utanbordsmotorar som fremdrift. Desse styrer med framdriftssystemet, og har derfor ikkje tradisjonelle ror.

Ror på skip regulerer normalt skipet i horisontalplanet. På moderne skip er det blitt vanleg å bruka ror også for å regulera skipet i det vertikale planet. Dette kan betra stabiliteten eller minska uønska rørsle, som sjøgang.

Flyror endre

Flyror regulerer stillinga til flyet med sideror og høgderor på halen og balanseror ytst på vingene. Høgderoret regulerer også farten til flyet.

Andre bruksområde endre

Ror kan også brukast til andre ting, for eksempel til å dirigera luft- eller vasstraum i vifter og pumper.

Kjelder endre

  1. Brudevoll, Bjørn Aakre (28. september 2014). «ror». Store norske leksikon (på norsk).