Rut Tellefsen

norsk skodespelar

Rut Tellefsen (fødd 23. august 1930) er ein norsk prisløna skodespelar, opphavleg frå Malvik i Sør-Trøndelag. Ho er særleg kjend frå store roller innan teateret, men har også spela i film og fjernsyn.

Rut Tellefsen

Fødd23. august 1930 (93 år)
FødestadMalvik kommune
Verka somskodespelar
EktefelleTom Tellefsen, Kjell Bækkelund
PrisarPer Aabels ærespris, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Biografi endre

Som liten var Rut Fredriksen, som ho då heitte, interessert i dans og dikting. Allereie som fjortenåring las ho alle stykka til Henrik Ibsen, ho tok examen artium ved Trondheim Katedralskole i 1950 og søkte seg deretter inn på fyrste kullet ved Statens Teaterskole. Her var ho elev frå 1954 - 1956. I 1955 debuterte ho som filmskodespelar i Hjem går vi ikke, som handlar om buvilkåra ved Akerselva. Same året gifte ho seg med Tom Tellefsen. Saman fekk dei dottera Pia, som i dag jobbar som skodespelar. Ekteskapet med Tom Tellefsen vart oppløyst i 1962. Ho var også gift med pianisten Kjell Bækkelund frå 1966 til 1973.

Etter at ho vart uteksaminert frå teaterhøgskulen i 1956, vart ho snart tilsett ved Det Norske Teatret. Her debuterte ho i rolla som Catherine i Frakt under havet, og fekk gjennombrot i rolla som Kristin Lavransdatter i trilogien av Sigrid Undset. Frå 1960 fekk ho speleoppdrag ved Fjernsynsteatret, der ho m.a. spela store roller i verk av Johan Falkberget og Friedrich Schiller. I 1965 slutta ho ved Det Norske Teatret, og i 1969 vart ho tilsett ved Oslo Nye Teater. Her fekk ho synt fram det komiske talentet sitt, og blei verande i teateret til 1973.

Frå 1975 vart ho engasjert i det nyoppstarta Telemark Teater, der ho seinare vart teatersjef. På overgangen mellom 1970- og 1980-åra leidde ho Ibsenfestivalen i Skien, reiste på turné som skodespelar og underhaldningsartist og underviste i lyrikk ved Statens Teaterhøgskole. Frå 1981 vart ho tilsett ved Nationaltheatret, der ho skulle verta verande i 20 år, og spela mange store roller. Rut Tellefsen gjev Henrik Ibsen skulda for yrkesvalet sitt, og har gjort talrike tolkingar av Ibsen sine karakterar. Ho har også reist rundt med sitt eige Ibsen-stykke, som fekk tittelen Den hudløse Sfinx, og ho har dessutan komponert førestillinga Mitt sceneliv med Ibsen. I 1993 gav ho ut den sjølvbiografiske boka På flyttefot, der ho flettar inn teaterrøynslene sine i eigne og andre sine flyttehistorier.

I 2001 forlét Rut Tellefsen Nationaltheatret. Ho arbeider no med ei førestilling om Ivar Aasen som skal ha premiere ved Det Norske Teatret i 2013. Ho opptrer også med førestillinga Drømmen om et fritt Norge, som er basert på Henrik Wergeland sine skildringar om grunnlovsarbeidet på Eidsvoll i 1814.[1]

Sjølv om Rut Tellefsen særleg har gjort seg eit namn innan teater, har ho også spelt fleire gode filmroller. I 1996 vann ho Amandaprisen som beste kvinnelege hovudrolle for rolla hennar i filmen om Kristin Lavransdatter. Ho er også profesjonell innlesar av lydbøker. Det kan nemnast at ho har lese inn det lange diktet Bergljot, skrive av Bjørnstjerne Bjørnson og tonesett av Edvard Grieg. Dessutan har ho lese inn Haugtussa av Arne Garborg og heile trilogien om Kristin Lavransdatter.[2]

Prisar og utmerkingar endre

Rolleliste (utval) endre

Film og fjernsyn endre

  • 1955: Hjem går vi ikke (Film)
  • 1955: Barn av solen (Film)
  • 1965: Klimaks (Film)
  • 1979: Lucie (Film)
  • 1993: Secondløytnanten (Film)
  • 1995: Amalies jul (Fjernsynsserie)
  • 1996: Kristin Lavransdatter (Film)
  • 1996: Offshore (Fjernsynsserie)
  • 1996: Mot i brøstet (Fjernsynsserie)
  • 1996: Hamsun (Film)
  • 2007: Svein og rotta og UFO-mysteriet
  • 2007: Størst av alt (Fjernsynsserie)
  • 2008: Nattsøsteren (Fjernsynsserie)
  • 2009: Himmelblå (Fjernsynsserie)

Teater endre

Kjelder endre

Fotnotar endre